Landskappleiken opna

SPRINGLEIKEN GÅR: Eit fyldig Heidal spel- og dansarlag hadde ei stilig springleikframsyning da dei dansa både bestemor og bestefar Heidale til tonar av Marit Rusten på fele.Alle foto: Ketil Sandviken.

SPRINGLEIKEN GÅR: Eit fyldig Heidal spel- og dansarlag hadde ei stilig springleikframsyning da dei dansa både bestemor og bestefar Heidale til tonar av Marit Rusten på fele.Alle foto: Ketil Sandviken. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

400-årsjubileet for Slaget ved Kringen og 50-årsjubileet for Rondane nasjonalpark vart markert under opningsforestillinga til landskappleiken på Otta i går kveld.

DEL

OTTA: 18 innslag vart unnagjort i løpet av eit par timar i opningsforestillinga som markerte starten på årets landskappleik, den eldste festivalen i sitt slag her til lands som første gong vart arrangert i 1896.

Lom var først ute her i distriktet i 1954, Otta hadde sin første i 1959, så i 1985. Nå er det tredje gongen som arrangør for norsk folkemusikks hovudmønstring, som ligg an til å bli ein av dei aller største med 1398 påmeldte. Dette er ein auke på heile ti prosent i forhold til Seljord i fjor.

Som seg hør og bør var arrangørlaget Sel og Otta spelmannslag først ute, for høvet knytt opp mot det foreståande 400-årsjubileet for Slaget i Kringen med Pillargurislått og Sinclairhalling. Deretter lokka programleiar Jørn Dissen utøvarane fram på rekke og rad: Tom Berg, torader, Anne Grete og Rolf Bjørgfan med parhalling, Heidal spel- og dansarlag fekk med sin fyldige tropp berre så vidt plass på den store scena, Camilla Granlien framførte Sinclairvisa solo, Dag Gården, trekkspel, og Knut Kjøk, fele, baud på tre Goro-slåttar, det unge «Fjosfolket» helsa frå fjellet, «Damer i dur» framførte skotske drikkeviser, Leif Inge Schjølberg, fele, lyarslått, Nye Ringnesin «Fjelljenta», Mukampen spelmannslag «Slaget ved Kringen» av Torger Iverstugun, juniordansarar frå Vågå varta opp med springleik og parhalling, Bjørn Sverre kristensen sekkepipe, og Håkon Sveen var både Jalmar og Lyriker før det heile vart avslutta med utdrag frå «Glad, ung og sprek i norddalen», forestillinga på Spranget 14. juni.

Varaordførar Anita Slette Nuvstad stod for den offisiell opninga og fastslo at det er godt gjort av eit så lite lag å ta på seg eit så stort arrangement.

Artikkeltags