Gå til sidens hovedinnhold

Skogens diktar vert hylla på Rudi Gard

Artikkelen er over 2 år gammel

SØR-FRON: På samme dato som Hans Børli vart fødd for 100 år sidan, vert diktaren og lyrikaren frå Eidskog sør i Hedmark, feira og hylla i ei stor festforestilling på Rudi Gard laurdag 8. desember. Mellom dei som kjem til feiringa er barnebarnet til Børli, Ole Christian Børli Karterud og familien.

Astrid Stuve, Trond Klaape og Mari Grothe bidreg med diktlesing. Paula Strand og Rudi Kjøl skal synge, mens musikarane Mari Skeie Ljones og verten sjølv, Øystein Rudi, finn fram fela.

Dei er ikkje dei einaste som skal spille. Saksofonisten Ida Rønshaugen kjem. James Dickenson (tangentar), Børre Eng (bass) og Gunnar Lange Nilsen (trommer) utgjer orkesteret for kvelden. Ingeborg B. Styve skal danse, mens Inge Eidsvåg og Randi Skeie held kåseri.

 

Ei kunstutstilling viser arbeider av Marit Thompson Engen, Staale Blæsterdalen, Vegard Stalsberg, Annemor Rivertz Torgersen, Hildegunn B. Styve, Jens G. Petersen og Svein Tore Kleppan.

Ivar Grothe er prosjektleiar og har regien.