LOM: Ein katolsk prest var igjen på preikestolen i Lomskyrkja, godt og vel 400 år etter reformasjonen. Pater Fredrik Hansen minna om at trua på Jesus som frelsar er sams i begge trussamfunna. Han helsa varmt frå alle katolikkar i Oppland fylke og ynskte tillykke med jubileet.

Starten på det storstila jubileumsåret i Lom var ei økumenisk nyårsgudsteneste i verdige, men enkle former. Gudstenesta var lagt opp med eit innhald der både musikk og verbale innslag vart ei reise gjennom dei mange hundre åra som er gått sidan lomværane bestemte seg for å byggje kyrkja på Bergom - som i dag, 850 år etter, framleis er i bruk som hovudkyrkje i soknet.

Av dei 28 resterande stavkyrkjene i landet er Lomskyrkja den eldste i kontinuerleg bruk. Leiar i jubileumsnemnda, Anne-Mette Kolden og ordførar Simen Bjørgen, helsa frå kordøra under kunngjeringane og begge la vekt på den store omsuta lomværane hadde vist for kyrkja si då kyrkjebrennarane truga denne og andre kyrkjer midt på 1990-talet. Lomværane gjekk til saman 880 friviljuge nattevakter rundt kyrkja den gongen. Ordføraren utfordra innbyggjarane sine til å tenkje etter på kva måte kvar og ein kunne gjere noko positivt for kyrkja i eit jubileumsår som dette.

Det er lagt opp til arrangement rundt kyrkjejubileet kvar einaste månad av året 2008 i Lom.