Inger Grindhaugen frå Otta og Anne Karin Åmodt frå Lalm parerer lett mange ytringar om ”at vil døkk drive med detta da”.
Ansvar for 50 dasser
Saman med Kari Solberg frå Sjoa har dei ansvar for 50 dassar og 32 dusjar under dansesfestivalen på Jørundgard.
Les også: Mot tidenes swingfest
Første gongen er det heller ikkje. Det er sjette året på rad. Og doane er plassert rundt om på eit stort område, så det blir mykje trasking og gåing.
- Ein dag i fjor gjekk vi med skritteljar, trur du ikkje at den viste ei og halv mil da¿
Artistdoen
- Og så må du ikkje gløye at vi også har ansvar for back-stage, høyrest ikkje det fint ut. Grindhaugen er litt stolt over at ho får leggje til rette for artistane bak scena.
- I dag har vi til og med lagt på kvit duk – utan at vi har fått så mange attendemeldingar om det, førebels. Men snart kjem Ole Ivars, og dei legg nok merke til det, for dei er alltid så hyggelege. I heile tatt er det urtuleg my’ tylé folk her, påstår dassvaskarane.
Tru ikkje at vi slepp unna.
- Kom nå skal du få sjå kå fint det er på dassom våre.
Måtte dei skine like blankt og reint heile dansehelga¿