- Dette er heilt rått, mykje folk og flott vær, og i år kjem dansefolket mykje tidlegare enn før om åra.

Arrangør Øystein Ulen er forsiktig med å prate om ny rekord for Dansefestivalen på Sel, men det lovar unekteleg godt. I fjor vart det seld 14.500 billettar.

Sola skein

Det heile er væravhengig, understrekar Ulen, han kunne ikkje ha vore meir heldig med starten. Både på Otta og Dovre hølja det ned, på Sel skein sola.

Innsjekkingsansvarleg Svein Grindstuen tippa at 8-900 campingvogner var plassert inne på festivalområdet i 20-tida tirsdag kveld, og det var fortsatt kø da GD forlot festivalområdet eit par timar seinare. Grindstuen trur at dei fleste som har bestilt vognplass er på plass i løpet av dagen og at antalet vil liggje på rundt 1300. Ganger med 2,5 i kvar vogn blir det 3.250 personar. I tillegg kjem stor tilstrøyming kvar kveld frå heile distriktet.

Les mer: Se festivaloversikten for distriktet

Stille før festen

Det såg ut til å bli ein stille kveld da Gluntankjendis Ørmulf Holthe & Sluskan slo an første tone til nostalgikonsert i 19-tida tirsdag kveld. Men plutseleg kom swingfolket krypande ut av vognene for å «leve for hverandre», som det heitest i den gamle Gluntanslageren.

Swingfolk let seg ikkje be to gonger, og snart var dansegolvet i det kjempestore festivalteltet godt oppfylt. Det auka berre på.

Obladi, oblada

- Eg hadde aldri trudd at det skulle vera så mykje folk på ein tidleg tysdagskveld, kunngjorde vokalisten i The Betales, og dermed rulla det i gang med Obladi, oblada og mange andre av dei meste kjente til heltane frå Liverpool. Deretter Four Jets og New Jordal Swingers, som lanserer ny CD på dansefestivalen, og til slutt The Monroes. Da hadde klokka passert midnatt.

GD følger Dansefestivalen, så følg med!