SØR-FRON: Onsdag 17. oktober får vertskapet på Rudi gard besøk av den norsk/svenske folkemusikarduoen Erik Rydvall (frå Västerbotten) og Olav Luksengård Mjelva. Sistnemnde kjem frå Røros og speler hardingfele, mens Rydvall sitt instrument er nøkkelharpe.
I 2013 platedebuterte dei med albumet «Isbrytaren». Innspelinga blei gjort i Ål kyrkje i Hallingdal. Under Folkelarm samme året vart Olav Mjelva kåra til årets folkemusikar. Det var ikkje berre han som fekk pris. Det gjorde også «Isbrytaren», som dessutan blei nominert til Spellemannsprisen i kategorien Folkemusikk og tradisjonsmusikk. I Sverige blei det både nominasjon og pris på albumet, med gode kritikkar i media og store aviser.
I 2015 reiste dei attende til Ål kyrkje for å spele inn sitt andre album. Det fekk tittelen «Vårdroppar», og kom kom i januar 2016.