SØR-FRON: Torsdag 8. november kjem gruppa Väsen til Rudi Gard for å ha de konsert. De får selskap av Mukampen spelemannslag og elevar ved folkemusikklinja på Vinstra vidaregåande skule.

Her vert det lova energisk samspel og virtuositet!

Väsen består av Olov Johansson (nøkkelharpe) Mikael Marin (bratsj) og Roger Tallroth (gitar). Nokre spør seg om trioen ikkje er ei av tidenes beste folkemusikkgrupper i Skandinavia. I 27 år har dei turnert. Korleis nøkkelharpe, bratsj og gitar let saman, må ein til Rudi gard for å høyre og oppleve.

Mukampen Spelemannslag er god kjent mellom folk med interesse for tradisjonsmusikk. Dessutan er landslinja for folkemusikk på Vinstra Vidaregåande det reine klekkeriet for unge folkemusikarar.