Nord-Gudbrandsdalen manglar eit moderne regionalt kulturhus og konsertlokale med kapasitet og utstyr for større teaterframsyningar, musikalar og større kulturmønstringar, heiter det i ein uttale frå dei seks norddalsordførarane.

Dei ber fylkeskommuenen strekkje seg langt for å få prosjektet realisert og peiker på at ein også bør utfordre statlege styresmakter til å bidra med finansiering.

- Viktig for heile regionen

Fredag var arbeidsutvalet i regionrådet samla på Otta mellom anna for å drøfte planane om å reise ein kultursal i tilknyting til Otta vidaregåande skule. Prosjektet har synt seg å bli langt dyrare enn venta, og Sel kommune har problem med å få på plass den finansieringa som er nødvendig.

Les også: Slik blir Ottas storstue

Nå gir norddalsordførarane Sel kommune si fulle støtte i arbeidet med kultursalen og peikar på at prosjektet er viktig for heile regionen.

Større kapasitet

- Eit slikt bygg vil få stor verdi for innbyggjarane i heile regionen. Vi vil derfor gje vår støtte til arbeidet med sikte på å realisere eit nytt kulturhus i regionsenteret. Alle kommunane i regionen har kvar for seg kulturhus eller lokal som kan huse kulturarrangement.

- Det er og nye kommunale/interkommunale kulturhus og interessante samarbeidsløysingar under planlegging i regionen.Men Nord-Gudbrandsdalen manglar eit moderne regionalt kulturhus og konsertlokale med kapasitet og utstyr for større teaterframsyningar, musikalar og større kulturmønstringar. Det nye kulturhuset er planlagt tilrettelagt for Riksteateret, og vil dermed sikre at Nord-Gudbrandsdalen kan behalde dette viktige kulturtilbodet. Vi veit at gode kulturtilbod er stadig viktigare for busetnad og livskvalitet. Eit nytt kulturhus på Otta er difor viktig for den regionale utviklinga og for innbyggarane i alle kommunane i norddalen, skriv ordførarane.

Regional utviklingsstrategi

Ordførarane skriv at dei har forståing for at ei eventuell realisering av prosjektet er svært krevjande for Sel kommune, særleg fordi prosjektet kjem samstundes med bygginga av nye lokal for Nord-Gudbrandsdal distriktsmedisinske senter. Likevel peikar dei på kor viktig det er for alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen at Oppland fylkeskommune strekkjer seg langt for å bidra til å verkeleggjere planane.

- Vi vil i tillegg oppmode Sel kommune og Oppland fylkeskommune til å utfordre statlege styresmakter om tilskot til prosjektet som ledd i ein regional utviklingsstrategi for Nord-Gudbrandsdalen, heiter det i brevet som er sendt fylkesordførar Audun Tron og som er signert alle ordførarar i regionen.