Opna Peer Gynt-utstillinga

KUNSTNERAR: Nikolai Berg og Gabrielle Kielland er årets kunstnerar i Peer Gynt-utstillinga.

KUNSTNERAR: Nikolai Berg og Gabrielle Kielland er årets kunstnerar i Peer Gynt-utstillinga. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Gabrielle Kielland og Nikolai Berg står bak årets Peer Gynt-utstilling.

DEL

- Eg håper å bringe den magien Peer Gynt har ut til dei som kjem og ser på kunsten, seier kunstnar Kielland.

Torsdag formiddag opna Peer Gynt-utstillinga på Peer Gynt-huset. Namnet på utstillinga er "For jeg er FØDT til kunster, ser du". Den er ope til og med 13. august.

- Eg har liggi langflat og lest om Peer Gynt. Universet er så stort og det er så mykje å gripe tak i. Universet er så rikt, seier Kielland.

66 kunstverk

Heile utstillinga rommer 66 kunstverk og dei er omtrent likt fordelt mellom dei to kunstnerane.

- Etter å ha sett stykket onsdag ved Gålåvatnet er vi enda meir imponert, seier Berg.

- Stolt å vere ein del av arrangementet

Han fortel at dei kom tysdag og har tenkt å vere i området til fredag.

- Det er eit imponerande arrangement og vi er stolte over å vere ein del av det, seier Berg.

- Eg tykkjer det mest imponerande er kor mange frivillige som stiller opp, seier Kielland.

Utstillinga viser måleri, litografi, tusjlaveringar og akvarellar.

Kielland har hatt over 70 separatutstillingar sidan 1979 og er representert i mange kunstsamlingar, til dømes på Nasjonalgalleriet. Ho er kjent for sine bildetolkningar av litterære tema av Amalie Skram og Sigrid Undset.

Berg utdanna seg ved Oslo Tegne- og Maleskole frå 1988-89 og har vore med på ei rekkje utstillingar over heile landet. Han mottok også Rolf Daldorfs Legat i 2005.

Artikkeltags