Durspelslepp på landsfestival

Lom toradergruppe lanserte ny CD torsdag kveld. Fremst fr..v. Filip de Presno og Jens Lyngved, Skjåk, Torstein Nesset, Vågå, Erik Grøna, Lom. Bak: Martin Barlund, Espen Sveine, Espen Barlund Nicolaisen, Even Offerdal Bakken, leiar Øystein Nicolaisen, Stian Barlund Nicolaisen, alle Lom, og Kjetil Visdal, Vågå.

Lom toradergruppe lanserte ny CD torsdag kveld. Fremst fr..v. Filip de Presno og Jens Lyngved, Skjåk, Torstein Nesset, Vågå, Erik Grøna, Lom. Bak: Martin Barlund, Espen Sveine, Espen Barlund Nicolaisen, Even Offerdal Bakken, leiar Øystein Nicolaisen, Stian Barlund Nicolaisen, alle Lom, og Kjetil Visdal, Vågå. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Lom toradergruppe nytta høvet til å sleppe rykande fersk CD på landsfestivalen i gammaldansmusikk.

DEL

I fjor debuterte den unge toradergjengen frå Lom, Skjåk og Vågå med seier i den nye klassa i lagspel for durspel og trekkspel i Gaupne i Sogn, og i år slepper dei sin første CD på landsfestivalen på Oppdal. «Med bælg og bågå»  blir lansert klokka 17.15 torsdag rett etter at tevlingane i durspel, fele-hardingfele solo og solo andre instrument var over torsdag ettermiddag.

- Artig

– Artig å få vera med på dette. Vi fekk mange bestillingar lenge før CDen var klar, og satsar på å få seld ut heile opplaget på tusen, kjem det samstemt frå Even Offerdal Bakken, Stian Barlund Nicolaisen og Filip de Presno. Dei tre representerte Lom toradergruppe blant fem i durspel junior. Om dei ikkje var så mange, synest rekrutteringa å vera i orden. Juniorane spelte svært godt. Lom toradergruppe tel 14 frå alle tre ottadalsbygdene, og fleire er på tur inn.

Les også: 700 svingar seg nordafjells

Øystein Nicolasen, entusiastisk hallingdøl busett i Lom i mange år nå, får brorparten av æra for CD og blomstring. Han var sjølv ein av 12 i seniorklassa, og fekk taktfast applaus for livat dansespel.

Tjåka fullt

Under desse konkurransane er det gjort plass for dansing attåt spelet, og det var tjåka fullt frå første til siste takt.

I seniorklassa deltok også Geir Arne Hjelvik, Jørn Kjetil Solbakken og Øyvind Sandum, alle Vågå.

Fredag er det lagspel, lagdans og pardans som står på programmet.

Det er premiering og finalespel kvar kveld, men dei tre beste i kvar klasse blir ikkje kunngjort før under meisterkonserten søndag.

Spenninga er med andre ord å ta og føle på til siste slutt.

Artikkeltags