Rekordmange til UKM

UKM: Ungdommens kulturmønstring er for og av ungdom. Til helga brakar det laus med UKM-mønstring i norddalen og på Lillehammer. Her frå fjorårets mønstring i Otta kulturhus.

UKM: Ungdommens kulturmønstring er for og av ungdom. Til helga brakar det laus med UKM-mønstring i norddalen og på Lillehammer. Her frå fjorårets mønstring i Otta kulturhus. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Til helga er det UKM-mønstring i norddalen og Lillehammer. Neste helg er det i sør- og midtdalen.

DEL

- Vi opplever rekordpåmelding. Dette er så morosamt og vi må utvide, seier Jertru Stallvik frå styringsgruppa i UKM norddalen.

Både laurdag er og søndag blir det full rulle i Otta kulturhus med både junior- og seniormønstring.

Det er 346 ungdommar som har meldt seg på. Desse er fordelt på 115 innslag, seier Stallvik.

Og det er ei særs variert blanding av innslags.

Vi har klassisk, folkemusikk, viser, metal, rock, teater, sang, utstilling og litteratur. Spesielt folkemusikk er eg ekstra glad er tilbake, seier Stallvik.

Mønstringa i Otta kulturhus er for kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk kommunar.

Fordelinga på deltakarane er ganske jamt fordelt, men det er nok flest frå Vågå. Men noko av grunnen til det er fordi mange er med i ein filmproduksjon, seier Stallvik.

Les meir i GD onsdag.

Artikkeltags