Rustar seg til nynorsk-kamp

VAL OG KVAL: Austmannalaget vil ha målsaka inn som eit moment i kommunereforma. Illustrasjon: Kjetil Høiby

VAL OG KVAL: Austmannalaget vil ha målsaka inn som eit moment i kommunereforma. Illustrasjon: Kjetil Høiby Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Vågå må avslutte flørten med Sel og heller vende seg mot nynorskkommunane Lom og Skjåk, meiner forfattar Ragnhild Kolden.

DEL

Onsdag 10. desember skal alle kommunane i Oppland rapportere til Fylkesmann Kristin Hille Valla om status for planane om kommunesamanslåing. Veka etter skal Valla leggje fram ein rapport om stoda. Mange meiner mykje om temaet, også målfolket. På Facebook oppmodar forfattar Ragnhild Kolden frå Lom, Vågå kommune til å slå seg saman med nynorskkommunane Lom og Skjåk i staden for språknøytrale Sel.

– Erfaringane frå tidlegare kommunesamanslåingar viser at nynorsk taper mot bokmål, seier Kolden.

– Tek lite omsyn

Og det stadfestar Helen Johannessen, leier av Austmannalaget (fylkesmållaget i Hedmark og Oppland). Ho viser til rapporten «Rapport om kommunereformen – frå Askvoll til Åseral», som nyleg vart gjeve ut av Noregs Mållag.

– Den viser at nynorskbruken taper i kommunar som er språknøytrale eller bruker bokmål som administrasjonsspråk, seier ho, og trekkjer fram tettstaden Heidal som eit døme på problemstillinga.

– I Heidal, som blei slått saman med Sel kommune i 1965, bruker dei framleis nynorsk i skulen, men i kyrkja bruker dei bokmål. 45 prosent av elevane har nynorsk i skulen i Sel. Det er eit døme på korleis nynorsk blir utvatna som administrasjonsspråk, seier Johannessen. Ho meiner kommuneproposisjonen som blei vedteken i mai, tek for lite omsyn til nynorskbrukarane. I Gudbrandsdalen nyttar Skjåk, Lom, Vågå og Nord-Fron nynorsk som administrasjonsspråk. Resten er språknøytrale, eller har bokmål som hovudspråk.

Nøytral+nynorsk = ikkje bokmål

– Dei som jobbar for kommune-reformen, har i liten grad sett saka frå nynorskbrukarane si side, seier Johannessen, og fortel at Austmannalaget vil vende seg til fylkesmannen om saka.Iselin Jonassen, ordførar i Vågå, forsikrar at målsaka er med i vurderinga når kommunen vurderer samanslåing.

– Vi har sagt at vi må få på plass retningslinjer knytt til dette, og har utfordra Austmannalaget på å koma med tilrådingar, seier ho. Dag Erik Pryn, ordførar i Sel, trur ikkje vagværane har nemneverdig grunn til å uroe seg for at det nynorske språket skal forsvinne dersom dei slår seg saman med Sel.

– Språknøytral pluss nynorsk blir i alle fall ikkje bokmål, seier han. Onsdag 19. november hadde Sel og Vågå felles kommunestyremøte.

– Innan desember skal vi bestemme oss for vegen vidare, seier Pryn. – Bør målsaka vera eit moment?

– Målsaka vil bli ein av mange saker vi skal drøfte i prosessen, der målet er å få til eit resultat som fleirtalet av politikarane og befolkninga i kommunane blir nøgde med, seier han.

- Viktig for identiteten

På hytta i Bøverdalen i Lom sit Ragnhild Kolden og skriv nye bøker på nynorsk.

– Kvifor sjå målsaka i samband med kommunereformen?

– Fordi målforma er viktig for den lokale identiteten. Dersom nynorsken blir borte, kan mykje anna forsvinne med det same. Det blir nesten som at nokon skulle ta frå oss folkemusikken, seier Kolden. Ho håper fleire vil mobilisere for at Vågå skal avslutte den påbegynte «romansen» med Sel.

– Eg meiner dei tre ottadalskommunene hører naturleg saman, også uavhengig av målsaka, seier ho.

Bør målform vere eit argument i debatten om kommunesammenslåing?
Si di meining på facebooksidene til GD.no

Artikkeltags