Strålande kappleik

REKRUTTERING: Amund Bjørgen er glad for at det gror godt i folkemusikkmiljøet. Her saman med felejentene Sandra Alnes frå Heidal og Oda Stensgård frå Skjåk.

REKRUTTERING: Amund Bjørgen er glad for at det gror godt i folkemusikkmiljøet. Her saman med felejentene Sandra Alnes frå Heidal og Oda Stensgård frå Skjåk. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Det står ikkje på rekrutteringa til folkemusikken. Unge spelemenn stod i kø på Gudbrandsdalskappleiken i Skjåk laurdag.

DEL

Han smilte frå øyre til øyre, den garva storspelemannen frå Garmo, Amund Bjørgen.

Vi ser ei oppblomstring som er heilt fantastisk. Ikkje berre det at dei er mange; dei spelar reint og fint. Og dei er ikkje redde for å trå til.

Bjørgen har følgt folkemusikkmiljøet lenger enn dei fleste. Han kosa seg på kappleiken i Skjåk. Både fordi kappleiken samla mange spelemenn og fordi det var bra med publikum.

Vi har kulturskulane å takke for ei rekruttering vi ikkje har sett maken til på aldri så lenge. Det skal bli interessant å sjå om nokre år, for det er ei utfordring å få dei unge til å fortsetja. Men når miljøet er så godt og stort, trur eg at vi skal sjå ljost på framtida.

Bortimot 200 spelemenn, dansarar og sangarar deltok på kappleiken som haustar mykje skryt. Det arrangøren Skjåk Spel- og dansarlag sakna, var sørdølane.

Lom Spelmannslag vann lagspel. Bjørn Kåre Odde, Lom, stakk av med sigeren i fele senior med Astrid Sulheim på andreplass. Eirik Schjølberg, Vågå, vann fele junior. Blant andre klassevinnarar: Kjartan Haugen Foss, Jørn Solbakken, Vågå juniorspelemannslag, Eirik Odde, Øystein Nicolaisen, Mari Jøndal Bjertnæs, Eva Rusten/Håkon Sandum, Andreas Jordhøy, Lom musikkskule.

Artikkeltags