– Takk og lov for galskapen

ROM: Ingeborg Gillebo fekk eit minne for livet.

ROM: Ingeborg Gillebo fekk eit minne for livet. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Galskap kan føre til så mangt. Laurdag fekk 300 menneske oppleva eit nytt skaparverk – klimaopera i Kjelbreen innunder Galdhøpiggen.

DEL

– Dersom dette kan bidra til å formidle natur, kultur og klimaprosjekt så takk og lov for galskapen.

Gangbaner i glasfiber

Styreleiar Randi Eek Thorsen brukte GDs fokusering på byggjing av gangbaner i kinesisk glasfiber som innfallsvinkel da ho som styreleiar for hovudsponsor Sparebankstiftelsen DNB takka og bar fram sine inntrykk etter å ha vandra frå Juvasshytta til Kjelbreen, den siste kneiken i trappetrinn gjennom ura. Meir enn god nok attendemelding på eit unikt og vellykka prosjekt i tråd med stiftelsens motto om bistand for å utløyse gode krefter.

Det var før openberringa: ur-framføring av operatablået «Stemma frå Mímisbrunnr» med åtte av 66 vers frå det storfelte norrøne diktet Voluspå.

Universell utforming

Før dette var også fylkesordførar Gro Lundby frampå for å minne om at dette er verdas første klimapark og at Oppland er pilotfylke for universell utforming. Gangbana er nødvendig for ein del og nyttig for mange, samla sett vil mange få glede av eit flott landskap. Lundby takka «Aktiv i Lom» og nepalske fjellfolk for å ha brukt muskelkraft, og spesielt dagleg leiar Mai Bakken, prosjektleiar Espen Finstad og idemaker Dag Inge Bakke for realisering av visdomskjelda Mímisbrunnr.

Litteratur i verdsklasse

– Dette har ingen andre før fått oppleva, fastslo forfattar og religionshistorikar Gro Steinsland. Som tekstansvarleg greidde ho ut om «Volvens spådom», det mektigaste eddadiktet frå nordisk mellom-alder, rekna for å vera litteratur av verdsklasse. Ein apokalypse, forteljing om heile verdsbildet, frå ragnarok og trugsmål om undergang til visjonen om ei ny jord og eit nytt liv for gudar og menneske. Har vi snart fått nok?

Da steig volven, Ingeborg Gillebo, opp av underverda og song og spelte med ei røyst og ei utstråling som ho skulle vera den visaste og klokaste av alle dei mytiske, norrøne skapningane. Tenk om høgtalarene med innspelt tonefølgje av blåsarar, slagverk og elektronikk hadde vore gøymt i ura...Det vart heilt tyst i «fugleberget». Einast kalvinga i breen romsterte, det var vel jotnane som ikkje likte framandfolk.Etter 20 intense minutt i blåkvit 1900 meters høgd braka det laus med ståande applaus.

– Livredd for å drukne

– Dette var heilt spesielt, rett og slett spektakulært. Det slo heilt pusten ut av meg. Å syngje i slike rom er heilt fantastisk, samstundes er ein livredd for å drukne i slike enorme dimensjonar. Ein får ærefrykt for naturen og plassen, og så er det første gong eg har hatt garderobe i ei steinur, ler Gillebo, audmjuk og blid og takknemleg for at værgudane spelte på lag.

Litt vinddrag høyrer med, uråd i storm som det lett kan vera her. Sanglerka frå Øyer fekk eit minne for livet.

– Heilt topp. Komponist Ragnar Søderlind var strålande tilfreds.

– Det blir nok ei gradvis opptrapping, men ikkje så lenge før alle 66 versa er med. Søderlind er svært ivrig på å fullføre prosjektet, seier Mai Bakken, «høgt oppe» etter ei svært vellykka verdspremiere på det som med rette kan kallast Norges Tak.

Artikkeltags