To lokale dansepar til finalen

Frå dansekvalifisering fredag. Finalistane frå Heidal, Ingebjørg og Bjørn Sandum, dansar i bakgrunnen her.

Frå dansekvalifisering fredag. Finalistane frå Heidal, Ingebjørg og Bjørn Sandum, dansar i bakgrunnen her. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

To dansepar frå norddalsbygdene skal danse finale under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå i kveld.

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

VÅGÅ:Dei to dansepara er - Ingebjørg Sandum og Bjørn Sandum frå Heidal pluss Trygve Auale og Randi Rust frå Vågå og Skjåk. Det er tilsaman rangert åtte dansepar til finaledansen. Kven som vinn til slutt, vert offenleggjort under meisterkonserten søndag.

Etter at finalistane i lagspelet hadde gjort sitt ypperste fredag kveld, vart det klart at vinnaren er å finne mellom Gamlebanken Spelemannslag frå Førde, Lom spelmannslag og Mukampen spelmannslag frå Sel. Sør-Fron spelemannslag er rangert på 4. plass og Østerdølenes på femte.

Seks av 33 grupper gjekk til finalespelet laurdag kveld: AVBREKK - med Knut Håvard Bjørkås, Ole Morten Blankenborg, Inge Gjevre, Even Røhjell og Kåre Vennevik. BRØDRENE SANDUM - Hans og Øyvind Sandum. GNEKK OG YT- Ole Morten Blankenborg, Mads Erik Odde, Bjarne Odde, Bjørn Kåre Odde, Øyvind Sandum. JUTULLAGET - Svein Ove Brun, Inge Gjevre, Jon Amund Karusbakken, Kjell Arne Kolden, Bjarne Odde. RUSTAD, NILSSEN OG RANØIEN - Ole Nilssen, Leif Ingvar Ranøien, Tom Willy Rustad. ALEKSANDERSENS - Jan Erling Eilefstad, Henning Grindstuen, Kjell Grothe, Thomas Lomundal, Thomas Nilssen.

Artikkeltags