Varmt og vakkert i kald stavkyrkje

JULESTEMNING: Hanne Krogh og Tre Tenorer med eigne musikarar og Skjåk Songlag sette publikum i julestemning.

JULESTEMNING: Hanne Krogh og Tre Tenorer med eigne musikarar og Skjåk Songlag sette publikum i julestemning. Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Det var ein kald glede, men ei varm oppleving da Hanne Krogh med Tre Tenorer, musikarar og Skjåk Songlag gav oss ein forsmak på jula i Lom stavkyrkje tirsdag kveld, skriver GDs anmeldar.

DEL

Anmeldelse av julekonsert med Hanne Krogh og Tre Tenorer og Skjåk Songlag i Lom stavkyrkje av Elias Sperstad:

Lom stavkyrkje er ikkje spesielt godt eigna som konsertlokal. Det var heller ikkje derfor den vakre kyrkja vart bygd. Men det går absolutt av å skape god julestemning der lell. Og det gjorde songarane med Hanne Krogh i spissen og musikaren i den nær to timar lange konserten. Med nær 30 bitande kuldegrader ute og ikkje særleg over nullpunktet på utsette plassar inne, var det tett opp mot smertegrensa for det skjøre stemmer og instrument kan greie. Det vart likevel ei varm oppleving.

Forventningsfullt publikum

Preludiet, for å bruke eit slik uttrykk, var innramma av det gode julebodskap og nykkelharpe. Hanne Krogh, kjent som den eine av to som song Norge til topps i Melodi Grand Prix, gav innleiingsvis uttrykk for glede over å kunne opptre i ei så vakker kyrkje. Der ho som midtpunkt kom i særdeles god kontakt med eit forventingsfullt publikum. Men det var fyrste gongen ho hadde sett songarane sine, tenorane Marius Roth Christensen, Nils Harald Sødal og Thomas Ruud, kome inn på ”scena” i boblejakker. Vi fekk høyre noko av det norskaste av det norske, som Alf Prøysens «Nå har vi vaska golvet». Vi fekk servert kjende og kjære julesangar som vi nynna med i. Vi fekk høyre songar med utanlandske tekster. Kveldens høgdepunkt for underteikna var dei tenorane sin framføring av «Glade Jul». Hanne Krogh er ikkje min favorittsangar. Men bevarast, ho syng godt. Like god er ho når ho på sin vare måte legg inn forteljingar mellom songane.

Vakrare innleiing til julemånaden kunne vi knapt fått. Takka vere Skjåk Songlag som greidde å få Hanne Krogh med sine Tre Tenorer og musikarar til å stikke innom Lom på sin turnerunde.

Artikkeltags