«Kunnskapar frå aktuelle sider før du tek standpunkt». Som jordskiftedommar og jordskifteoverdommar måtte eg sjølvsagt halde meg til dette før eg konkluderte med dommar. Svært få nordmenn følgjer opp dette når det gjeld krigen i Ukraina.

16. mars i år hadde Klassekampen ei NTB-melding om krigen i Jemen som starta i 2015. Det var Saudi-Arabia som gjekk til krig mot Houthi-opprørarane i Jemen, i spissen for ein koalisjon der både USA og Storbritannia er med. Ved siste årsskiftet hadde krigen kravd 377.000 menneskeliv.

Eg kan ikkje hugse at NRK og storparten av massemedia våre elles, har nemnt dette.

11. mai hadde Klassekampen ei ny NTB-melding om krigen i Ukraina. Der står det at FN har dokumentert 3381 sivile dødsfall, inkludert 235 barn. Leiaren for FNs overvakingsorgan i Ukraina sa at eit tusental av drepne ikkje er med i det offisielle talet. Sjølv om ein gangar 3381 med 100, vil ein mangle nesten 40.000 for å koma opp til talet på krigsoffer i Jemen. Eg synest vi bør ha dette i baktankane våre.

Våpna som blir sende til Ukraina, blir sikkert lagra her og der i landet før dei blir sende til fronten. Desse lagra er opplagt dei viktigaste bombemåla for russarane – som sikkert har små problem med å få greie på kvar lagera er.

Noko som eg trur dei fleste av oss greier å tenkje seg fram til – uavhengig av massemedia – er at våpenhjelpa fører til fleire drepne ukrainarar og russarar.

11. mai 2014 var det eit val i dei to austlege «fylka» Donesk og Luhansk. Valet gav eit stort fleirtal for å opprette ein folkerepublikk. Dermed starta også krigen.

31. mai hadde professor emeritus Ola Tunander artikkelen «Forstår vi hvor alvorlig denne krigen er?» Det eg skriv i dette avsnittet har eg frå denne artikkelen. Artikkelen gir oss ei god forklaring på korfor Russland invaderte Ukraina den 24. februar 2022. Tunander skriv at USA har trena titusentals ukrainske soldatar sidan 2015. I desember 2021 flytta Kiev ca. 100.000 soldatar til grensa av Donesk og Luhansk. Krigen i Aust-Ukraina har tatt livet av 13.000-14.000 menneske og drive 1,5 millionar på flukt til Russland. Leiarane for Donesk og Luhansk bad Putin om hjelp. Det kunne ikkje Putin motstå, mellom anna fordi USA og Ukraina i 2021 også hadde bestemt seg for å gjenerobre Krim og Luhansk-Donesk.

Eg avsluttar med eit sitat frå Terje Alnes i Friheten 12.mai 2022: Målet er at du skal anerkjenne krig som eneste løsning, akseptere hemningsløs militær opprustning og omfavne atomvåpenalliansen NATO som din frelser.

Ole Bjerke, Lillehammer