Temautstilling opnar Diktardagar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

I ein alder av 81 har kunstmålar Wilhelm Ruud Bjertnes gått laus på nok eit stort prosjekt.

DEL

– Dette har vore eit veldig engasjerande prosjekt, og ei heilt anna utfordring enn til dømes å male Lomseggen eller Fanaråken.

Etter ei stille periode tok kunstmålar Wilhelm Ruud Bjertnes utfordringa på strak arm og sette seg i sving med penselen i atelieret i Veslestugu på Måsåmyrbakken.

Samspelet

Utstllinga «Livsveven - lengt og lagnad» er startskotet på årets Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå, blir opna i Utgard fleirbrukshus torsdag kveld og blir ståande til og me 10. september med i alt 51 måleri knytt til til Knut Hamsun, Tor Jonsson, Vera Henriksen og Hans W. Brimi.

Tor jonsson og fugl: Svart fugl med diktarens eige sjølportrett innfelt. 18 av måleria er knytt til lomsdiktaren.

Tor jonsson og fugl: Svart fugl med diktarens eige sjølportrett innfelt. 18 av måleria er knytt til lomsdiktaren.

– Tematiske bilde til lyrikk, musikk og dikt blir å visualisere indre uttrykk, og framstår gjerne meir abstrakt. Det som er viktig for meg, er å gje uttrykk for ei oppleving og dele desse med andre.

Bjertnes seier at han er svært oppteken av samspelet mellom litteratur, muskk og bilder, tre komponentar som heng i hop og der det handalr om å gje fargemusikalske uttrykk.

Les også: Da Hamsun stod og svaiet på låvebroen

Ny lesing av Markens Grøde har gjeve voldsomt sterke inntrykk.

– Isak er eit ikon med urtidskraft. Han forlet samfunnet fordi han meiner det går i feil retning, vil attende til det opprinnelege. Der det før var myr og kjerringrokk, set han plogen og dyrkar korn.

16 av måleria er henta frå Markens Grøde, 18 til Tor Jonsson, blant andre Svart fugl med diktarens eige sjølportrett innfelt.

Nytt galleri: Garasjen som skulle bli lager vart så fin at  Wilhelm Ruud Bjertnes (81) har fått seg eige galleri.

Nytt galleri: Garasjen som skulle bli lager vart så fin at Wilhelm Ruud Bjertnes (81) har fått seg eige galleri.

Spennande

– Ingen har laga eit betre portrett av seg sjølv enn Tor Jonssen, hans enkle strek får fram personlegdomen, meiner Bjertnes.

Hans W. Brimi, Tussgubben og Huldra nedpå kveen er med og åtte bilder av Vera Henriksen, ein del av desse er frå tidlegare utstillingar som «Berg og stjerne», «Berg og kjelde», «Berg og buplass» og «Toneleik».

- Eg synes det har vore utruleg spennande å sy saman desse fire personane, det handlar om veva dette saman, seier Bjertnes og forklarar med det tittelen på utstillinga «Livsveven - lengt og lagnad». Aslak Brimi skal spela slåttar etterbestefaren på opninga.

Eige galleri

– Dette er av dei største overraskingane eg nokon gong har opplevd. Bjertnes engasjerte sist haust Nils og Svein Teigen og Kjell Brenna til å setja opp garasje. Han lovprisar arbeidet.

- Reine kunsthandverkarar. Dei gjorde så framifrå arbeid at planane måtte gjerast om frå lager til galleri. Tenk kor flott det er å kunne ha sitt eige galleri her heime, utbryt ein begeistra kunstmålar. Nå kan folk berre koma og sjå på bilder etter å ha ringt og gjort avtale.

Bjertnes kom til Lom som lektor i 1967, men vart oppfordra av professor Halvdan Ljøsne frå Lom/Vågå til å ta kunstutdanning. Studerte i Oslo og Paris og har livnæra seg som kunstmålar dei siste 42 åra, frå 1975.

Temabildet til utstillinga Livsveven - lengt og lagnad  viser essensen av dei fire lokale kunstnarane i eitt felles bilde.

Temabildet til utstillinga Livsveven - lengt og lagnad viser essensen av dei fire lokale kunstnarane i eitt felles bilde. Foto:

Artikkeltags