Gå til sidens hovedinnhold

Kursendring i landbruket

Artikkelen er over 1 år gammel

lesarinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Hallvard Grotli har i GD 5. juni med rette fleire sleivspark til Norsk Bondelag, om norsk sjølvforsyning og matproduksjon. Men når han etterlyser kursendring, har han heilt gløymt at det er ein organisasjon til i jordbruket, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som i mange år har prøvd å få til nettopp den kursendringa Grotli etterspør.

Koronautbrotet gjorde at folk endeleg fekk opp auga for kor viktig det er med eigen matproduksjon. Samstundes er det stadig fleire som er opptekne av korleis dyra har det. Det påverkar produkta dei gjev oss, og kroppen vår i neste omgang.

Meir setring og meir bruk av utmarksbeite, kan gjera slagordet «på norske ressursar» sant. Oksekalvane kan kastrerast, og med det kunne dei også fått eit leveleg liv utanfor bingen på betongspaltegolv. Men det er som Grotli hevdar, bøndene med størst gjeld og størst fjøs som blir prioriterte. Der kua må yte maksimalt for å betale opphaldet. Da må det til innsats frå andre sida av kloden i foret.

Når det gjaldt utkjøpsordninga for mjølk, gjekk ikkje BL inn for å spare dei minste bruka. Veldig mange mindre mjølkebruk på Vestlandet blir med det borte. Det paradoksale er at no etter koronaen, trengst brått meir mjølk. «I nøden spiser som kjent fanden fluer». Norske forbrukarar har fått teften av godt norsk, og mitt håp er at dei også skal få opp auga for kor fint det td er å feriere på setra! Kanskje kua kan bli med i neste omgang, og fugleartar som er i ferd med å bli borte, atter kan syne seg i landskapet. Saman med mange andre artar av insekt og planter som er i ferd med å bli borte i vårt «effektive» landbruk.

«Borte bra, men heime best», heiter det. Nå må vi håpe at folk i større grad fer opp auga for alt det fine landet vårt har å by på, når det blir verre å flakse verda rundt. Så må bondeorganisasjonane arbeide for at lønstilhøva i landbruket blir slik at det kan gå an å tilsetja norske folk der det trengst. Og folket må få på seg arbeidskleda og kjenne gleda av å ta i eit tak. Det er mykje god helse i praktisk arbeid, og ikkje minst glede.

Når Grotli skriv så godt om ressursane våre, kan han også gjerne slå eit slag for at vi også må foredle dei lokalt. Med til dømes å ha eit slakteri på Otta! Takk for maten!

Fride Gunn Rudi, Ringebu, medlem av NBS