Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg vil kaste inn ein «brannfakkel» i debatten om den låge rypebestanden. Når det gjeld jakta sin innverknad på bestanden av rype, har vi i mange år hatt omfattande avgrensingar/freding i forhold til rupjakt både i Vågå og fleire av nabokommunane. Trass i dei omfattande tiltaka når det gjeld jakt, har ikkje dette medført ei merkbar auke i stamfuglbestanden. Det er elles vitskapleg dokumentert at jakt har liten innverknad på bestanden av småvilt, bortsett ifrå område som er utsett for ekstremt høgt press av jakt, ferdsel og turisme av ymse slag.
Eg har jakta småvilt sia 70-talet og har sett store svingingar i bestanden før, men da i naturlege 3-6-års syklusar. Nå har det endra seg til at det har vore middels til låge bestandar i mange år.
Ifølge Statskog rypeforvaltning har ein stabil rypebestand utan jakt ei slik utvikling:
10 par (20 vaksne) legg 100 egg rundt st.hans (20 % av egga vert tatt av predatorar)
80 kjuklingar blir klekt (50 % vert tatt av predatorar)
40 kjuklingar om hausten
75 % naturleg vinterdødelighet (10 kjuklingar att)
50 % naturleg dødelegheit hjå dei vaksne. (10 vaksne att rundt st.hans)
D.v.s 20 individ att til neste års produksjon.
Dei viktigaste faktorane for ein høg bestand av rype er:
1. Lite predasjon på egg/kjuklingar. Dette heng bl.a. saman med tilgang på andre byttedyr (smågnagarar) og at det ikkje er ein kunstig høg bestand av kråke, korp og måke i hekkeområdet.
2. Gunstige vêrforhold under og 2–3 veker etter klekking.
3. Minimal trafikk i hekkeområdet
4. Normal tettleik av rovfugl/rovdyr som tar vaksen rype
5. Jakttrykk
Eg må presisere at eg er ikkje i mot tiltak som kvotar og freding når bestanden er kritisk låg, det er eit av dei få tiltaka vi har kontroll på. Men så lenge vi ikkje tar tak i dei eigentlege årsakene, vil ikkje det gjera nokon forskjell. Vi må fjerne oss frå den tru at løysinga på problemet ligg i freding og minimale kvotar. Freding eller kvotar har liten betydning ifølge vitskapen.
Eg går mange turar i «ruplende» heile året, og føljer med på det som rører seg i naturen. I deler av Nordland og andre område «nordaførr» er det toppår i år (2022) med registrert opp mot 40 ryper pr. kvadratkilometer. Desse områda fell merkeleg nok saman med lite ferdsel og liten aktivitet når det gjeld hyttebygging/turisme.
Kan ikkje tvilen koma rypa og naturen tilgode?
Grunnen til det høge presset på bestanden av lirupe spesielt, er etter mi meining auka ferdsel og auka press av predatorar som kråke, ramn og andre smårovdyr/fuglar. Eg har med sjølvsyn sett korleis kråkeflokkane samarbeider for å plyndre rupereir for egg og nyklekte kjuklingar, dei er utruleg effektive. Desse flokkane med kråke, korp og måke eksisterte ikkje da eg starta med rupjakt på 70-talet. Kvifor er bestanden av predatorar som spesielt kråke auka så mykje i høgfjellet? Einaste grunnen til at dei overlever resten av året når dei ikkje kan plyndre reira for egg/kjuklingar, er at da kan dei eta avfall og etterlatenskaper frå den auka turismen/ferdselen i fjellheimen.
Ryper i forsvar
Skal vi gjera noko som monnar for rypebestanden, må vi auke innsatsen mot forsøpling i fjellet, desimere dei unaturleg høge bestandane av kråke/korp og måke og dessutan håpe på bra vær i klekkinga.
Jan Harald Bakke, Vågå