Ragne Kolaas Stauri nemnde mange kunstverk som ikkje har fått den plasseringa og oppmerksamheita dei burde hatt. Det er alt frå Kvasbø sine leireformasjonar, Hallssons veggmåleri, Malmedals "Uten tittel", til Serrano sitt "Piss" - og fleire.

Det Kolaas Stauri kunne fortalt og forklart oss, er kva som er kriteria for det som er kunst. Når dei brukar hundretusenvis av kroner for å kjøpe inn kunst, har det vel lege til grunn ei kunstvurdering av kvart verk, kvalitetar som ,må vere med for å kalle det kunst. For kjøparen vil jo at alle skal få ei oppleving.

Les også

Kvasbø-kunst i søppelkroken

Eg har ikkje fasit på kva som er kunst, men eg vil peike på nokre kriterier: Kunstverket må gje ei oppleving - positiv eller negativ. Kunstverket må ha ein idé, vere ein komposisjon med linjer og flater, fargespenn og former som ikkje er tilfeldige. Kunstverket skal lyfte oss over det nivået vi sjølve er på, gje oss ei oppleving av noko større, føre oss inn i verda attanfor. Gje oss ei kjelde å ause av. Først da vil kunstverket for dei fleste av oss opplevast som kunst.

Gudmund Teigen, Vinstra