Kva nå med Dalenes Dal?

- Å få 0.00 for ei slakta søye, vitnar ikkje om at slakterisamvirket garanterer ein god pris, skriv Fride Gunn Rudi. (arkivfoto)

- Å få 0.00 for ei slakta søye, vitnar ikkje om at slakterisamvirket garanterer ein god pris, skriv Fride Gunn Rudi. (arkivfoto) Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Det er nytt år og tid for framtidstankar og forsett. Skal vi grava oss ned i januardepresjon og tenkje at det går til H ... same kva vi gjer, eller skal vi ha eit forsett om å ta betre styring? Når det gjeld Nortura si nedlegging av Ottaanlegget, er eg redd for at depresjonen held på å fer tak. Bøndene står saman med konsernet sitt, samla om så skuta er i ferd med å gå ned. Utan vilje til å hoppe i livbåtane.

Det kan vera håp i synkande snøre. Vi kunne teke attende makta over ressursane i innlandet, arbeidskrafta og evna til å overleva her. Men da lyt vi tore å stille kritiske spørsmål til systema vi har så stor tru på, men som likevel ikkje får det heilt til. Historia er viktig å hugse på, men kanskje er det snart tid for å prate om andre ting enn krisa på 30-talet, da bøndene ikkje fekk seld varene sine og mottaksplikta etter kvart vart realitet. Sjølvsagt viktig det, og det var overproduksjon da som nå. Og slik sett fare for å ikkje få levert slaktet sitt om mottaksplikta ikkje fanst.

På møtet om Norturavedtaket i Ringebu sist veke, var det ein som sa at han heller ville ha levert søyene til Litra (kadavertransport), om det hadde vore puljetillegg. Å få 0.00 for ei slakta søye, vitnar ikkje om at slakterisamvirket garanterer ein god pris.

Overproduksjon er det nå på dei fleste kjøttslag. Kvifor er det det? Ved å lesa den siste boka av S.A. Lie og E. Løkeland-Stai P,, finn ein mange svært interessante svar på det. Diverre har eg møtt mange bønder som er imot det han forfektar. Det trur eg er fordi han utfordrar den gamle, vante tankegangen om at «slik har vi gjort det i alle år». «Norsk landbrukspolitikk er ein suksess». Men nå har faktisk den gamle ringrev Per H. Grue, fått litt andre tankar, kan vi lesa i eit intervju med han i Nationen sist helg.

Når Nortura legg ned på Otta, har vi ei eineståande moglegheit for å ta attende styringa på slakteressursane våre i innlandet. Turistbedriftene vil ha lokalt kjøtt, gjerne med historia om kor dyra har levd. At kjøttet er produsert på mest mogleg beite og med det er sunnare for folk og betre for dyrevelferda. At dei ikkje har måtta reist landet rundt levande og daude før dei ligg på tallerkenen. Og at alle rasar vart verdsett for det dei er best på, gjennom å få til andre klassifiseringsreglar.

Arbeidsplassane kunne og i stor grad bli berga, til nytte for alle. Ein råsjanse å ta? Eller som læraren vår på barneskulen fortalde om frå eit skipsforlis: Mannskapet sto og song «Nærmere deg min Gud» medan skuta gjekk ned.

Vi kan sitja å klage over sentralisering og anna styggedom så lenge vi orkar. Men tør vi ikkje å gjera noko med det, er det til slutt ikkje att nokon av oss. «Det dug ikkje ufreista» seier ordtaket.

Fride Gunn Rudi, Ringebu


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags