Kva skal til for at vi blir høyrt? Det går på helsa laus, bokstavleg talt!

Allemå  vera med å dra lasset. Det gjer ein ved å handle lokalt, og etterspørja lokale varer i butikkane, skriv Borgny Sletten.

Allemå vera med å dra lasset. Det gjer ein ved å handle lokalt, og etterspørja lokale varer i butikkane, skriv Borgny Sletten. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg


Kor går grensa for kor mykje vi skal tole?

Styrka prehospitale tenester og LMS var noko vi vart lova med nytt sjukehus. No tek dei frå oss tryggleiken bit for bit. Og nytt sjukehus blir fjernare og fjernare. Brannvesen og dyrlege (!) gjer jobben i staden. Kven får rekninga? Ikkje Sjukehus Innlandet i alle fall. Kommunane, og pasientane får den!

Sjølvsagt er vi glade for å ha snille dyrlegar som tek røntgen så folk slepp køyre drosje i 2,5 time ein veg, for å finne ut at det ikkje var brot. Men det er ikkje dei som skal gjere det, det er LMS på Otta som skal gjere det! Kva for kostnad har det å sende ein pasient frå t.d. Lom til Lillehammer med drosje, for å ta røntgen, for så å køyre til Lom att, utan gips, fordi det ikkje var brot?

Pasienten kunne reist innom dyrlegen (!) og tatt bilde, funne ut at det ikkje var brot, og spara sjukehuset for transporten, men det er ikkje dyrlegen og pasienten som skal ha utgifta med å gjere det billigare for Sjukehus Innlandet!

Sjukebilane skal vera "sjukehus på hjul". Kva hjelp det når alle bilane er ute, eller "parkert" og det er Brannvesenet som kjem fyrst til både personlege tragediar, ulykker, hjartestans med meir.............

Dei flinke brannfolka våre gjer så godt dei kan, dei har ein stillingsprosent som ikkje liknar noko, er trufaste og i heim kommunen mesteparten av tida for å vera klare for å ta vare på oss. Dei har ei responstid som eg ikkje forstår sidan dei sitt heime, skrur bil, lagar mat eller noko heilt anna når alarmen går. Likevel er dei fyrst på staden. Er det alvorlege ulykker, så sjukebilpersonalet trengst bak hjå pasienten, køyrer dei sjukebilen trygt til sjukehuset og.

Får Sjukehus Innlandet rekninga frå nokon på dette? Det burde dei!

No er det fokus på sjølvmord og psykisk helse i media. Vi skal bry oss, det går "kjedebrev" på nett med lovnader om at vi skal besøke kvarandre. Kva gjer Helse føretaket? Jo dei "feirar" med å fjerne sårt trengde plassar på Bredebygden. Ei mor sto fram og fortalde om kor viktig det var å ha tilbodet i regionen. Slik at ungane fekk sjå mor si sjølv om ho var sjuk. Tenk kor trygt det er for ungane og! Å veta at mor berre er ein god time unna dei! I staden for at ho er på ein plass dei aldri har høyrt om, er ho der dei har vore på Martna og som dei har eit forhold til! Kanskje ein til og med unngår "følgjefeil" av slikt!

Det er ikkje berre innan helse vi har sentraliseringstrollet.

Her må alle vera med å dra lasset. Det gjer ein ved å handle lokalt, og etterspørja lokale varer i butikkane. Ein må vera sitt ansvar bevisst. Ein vaken forbrukar. Driv du som entreprenør og vil at dei rundt deg skal velje deg når dei skal ha noko gjort, ja så må du og handle lokalt når du handlar. Så sant det du treng er lokalt.

Finn du det ikkje? SPØR!

Vil vi vera eit område som leverer verdas beste råvarer, eller burde meir av verdiskapinga vore her, før det blir seld vidare? JA! Sjølvsagt burde det vore mykje meir verdiskaping HER! Vi burde levert ferdig produkt, Ikkje sende frå oss levande dyr med verdas reinaste kjøtt, som har gått på utmarksbeite 3–4 md. kvar sommar, fått minimalt med antibiotika og lite kraftfor.

Den norske bonden er den beste vi har til å produsere maten vår. Vi sett dyrevelferd i høg sete, og med høg arbeidsmoral, "arveleg belasta" og genuint interessert i det vi driv med og gjer alt for at forbrukarane skal få gode produkt. Dette bør vi i regionen ta vare på. Marknadsføre oss sjølve og dyra våre, med bilete og videoar.

Lykkelege dyr har betre kjøt sa ein ved meg ein gong, og eg trur han!

Kjære sambygdingar, regionvener, nord- og midt-dølar. Vi må stå saman. Handle lokalt, spørje etter norsk trygg mat, sette spørsmål teikn ved korleis Sjukehus Innlandet behandlar oss og vera PÅ!

Borgny Sletten, Nord-Fron, gardbrukar og leiar for Senterkvinnene i Oppland

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags