Gå til sidens hovedinnhold

Kva verdiar og tilbod må væra på plass for at yngre familiar skal flytte til Dovre?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Dovrebygda har eit namn det står historisk sus, kvalitet og tryggleik kring.

Derfor er Dovrenamnet brukt som merkenamn av mange bedrifter som set kvalitet og omdømme som viktige verdiar. Sett utifrå desse verdiane bør Dovre vera ei attraktiv kommune både å flytte til og etablere næringsverksemd i. I Kommuneplan for Dovre er eitt av måla at talet på innbyggarar skal auke i planperioden 2012 til 2022. Dette har vi ikkje innfridd da folketalet har hatt ein jamn nedgang. Delvis kan dette forklarast med ei generell sentralisering i Norge, men politisk/administrativt har det heller ikkje vore arbeidd målretta etter plandokumentet.

Store saker som påverkar innbyggarane sin kvardag har vore initiert av økonomi eller heller mangel på økonomisk handlingsrom. Vi ønsker å lyfte den politiske diskusjonen opp på eit plan der vi saman formar kvar vi vil tilby folk å bu og virke i bygda. Ønsker vi å stimulere folk til å bygge på Dovreskogen som er nær arbeidsmarknaden i Sel og Vågå, må vi gjera grep som aktualiserer slik busetjing. Kva må til for at folk tykkjer at det er attraktivt å busetja seg og bu her? Eller er det politisk ønske å samle busetnaden kring Dombås dit vi har sentralisert dei fleste tilboda i bygda gjennom økonomiplan dei siste åra? Dette er ein viktig politisk diskusjon som Dovrelista ønsker skal på agendaen. Kvar skal folket bu, kvar skal vi ha fritids- og servicetilbod? Dovre Kommune gjennomførte ei høyring i samband med skulesaka der det kom mange gode innspel frå innbyggarane. Dessverre vart ikkje desse innspela teke på alvor i debatten. Som politikarar skal vi lytte til folket: Korleis ønsker dei bygda vår inn i framtida?

Korleis skal vi utvikle Dombås som eit aktivt og levande knutepunkt inn i framtida? Fleire aktørar satsar på høgstandard hyttefelt i randsona til Dovre Nasjonalpark og i nærleiken av Dombås sentrum. Skal Dovre stå fram som ei attraktiv hyttekommune, må vi ha eit levande handelssentrum og varierte aktivitetstilbod. Og vi må tørre å prate om og planlegge for ei framtid med E6 utanom Dombås. Næringsforum si spørjeundersøking håper vi kan bli eit godt utgangspunkt for framtidig næringspolitikk.

Klima og grønt skifte får gjennom FN sine berekraftsmål med rette større og større del i debatten om korleis framtida vår på jorda skal bli. Også vi i Dovre må ta dette med inn i politiske diskusjonar og vedtak.

Korleis står fram Dovre sitt omdømme som ei god bygd å bu i? Vi har ein visjon om at folk skal trivast i Dovre. Da må vi setja på saklista ein diskusjon om kva som skal til for at Dovre skal vera ei god bygd å bu i. Kva verdiar og tilbod må væra på plass for at yngre familiar skal flytte til Dovre? Vi må finne den nerven som gjer at vi kan fylle Rådmannen i Dovre sin visjon om at folk skal «ta med sine drøymer til Dovre». At dei skal busetja seg her og realisere draumen til varig(e) arbeidsplass (er). Og vi må snakke fram dei arbeidsplassane vi allereie har på ein rettvis og positiv måte. For Dovrelista er det viktig med rettferdig fordeling av goda i bygda. Det vil vi legge vekt på i arbeidet med økonomiplan og budsjett og i framtidige planprosessar.

Guri Ruste, gruppeleiar Dovrelista