Kvar var du den dagen DJ`en Marshmello hadde konsert heime hjå deg?

ALVOR: Å ta ungdom sine kulturuttrykk på alvor, anerkjenne den digitale bruken og leggje til rette for gode prosjekt for målgruppa er viktig, skriv Mariann Bjelle.

ALVOR: Å ta ungdom sine kulturuttrykk på alvor, anerkjenne den digitale bruken og leggje til rette for gode prosjekt for målgruppa er viktig, skriv Mariann Bjelle. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Kvar var du, den februardagen i 2019 då Marshmello hadde sin første live-konsert i Fortnite? Var du ein av dei som fekk opplevde Fortnite sitt suksessfulle event, saman med over ti millionar andre? Har du eigentleg høyrt om Marshmello og har du spelt dataspelet Fortnite?

Eller er du utanfor kjernegruppa av dei ti millionane, som ikkje har kjennskap til denne hendinga?

Ungdommane var der

Det var mange av oss som ikkje var der, tilstades i ein virtuell speleverden, der det vanlegvis handlar om å byggje skjold, legge strategi og kjempe seg gjennom ein horde av motstandarar. Det var nok flest gutar som opplevde konserten. Dei var unge, stort sett mellom 9 og 15 år.

Mange vart nok overraska, men kjempeglade. Dei veit kven Marshmello er, fordi dei ofte velgjer spelelistene hans på spotify og der var han plutseleg, inni spelet saman med dei sjølv. Våpena måtte leggjast ned medan konserten stod på. Det beste med heile stuntet, her fekk unge mennesker, som kanskje aldri går på konsert, ta del i eit demokratisk og fredelig arrangement, med musikk frå ein verdsartist, rett inn på rommet.

Vi kan alle vere innhaldsleverandørar

Nokre heilt andre plattformer, som også når millionar av unge menneske kvar dag, er Youtube og appen Tik-Tok. Den populære jenta «Agnetesh», eller Agnethe Husebye, som ho heiter, opplev rask vekst i antallet YouTube-følgjarar og vann i 2019 prisen «årets youtuber» på Gullsnutten.

Ho har totalt over 19 millionar avspelingar på videoane sine, noko som gir stor påverknadskraft på den unge målgruppa.

Historisk barne- og ungdomskulturmelding

Ein alltid skal ta ungdommen sin kultur og deira uttrykk på alvor. Ein skal sjå på deira interesser, trender og rørsler med eit seriøst blikk. Me har mykje å lære av dei unge, og i dag er digitale plattformer ein stor del av dei unge sin kultur. På statleg nivå foregår det eit spanande og historisk arbeid for tida, med Kulturdepartementet si utarbeiding av den aller første barne- og ungdomskulturmelding. I lyset av den, skapast relevante faglige rapportar og strategiar, for eksempel dataspillstrategien «spillerom».

Er du kritisk i ditt digitale konsum?

Men viktigare enn den digitale bruken i seg sjølv, er korleis ein oppfører seg som brukar og korleis ein er som konsument. Kulturavdelinga hjå Oppland fylkeskommune vil finne ut om ein kan få til gode digitale prosjekt, som gjer ungdom i fylket til kreative skaparar av digitalt innhald. Derfor lanserer ein i desse dagar støtteordninga «digital ungdom».

Med von om gode prosjekt

Kanskje ein dag vil ein sjå seg attende og spørje: «Kvar var eg den dagen Marshmello hadde konsert for ti millionar personar?»

Truleg vil ikkje denne hendinga føye seg inn i rekka av viktige allmenne merkedagar. Men å ta ungdom sine kulturuttrykk på alvor, anerkjenne den digitale bruken og leggje til rette for gode prosjekt for målgruppa er viktig. Det trur me vil skape merkedagar og erfaringar, som står att som viktig for enkeltpersonar. Med gode prosjekt kan dei unge bli medvitne, kloke og dyktige brukarar og produsentar av spanande kulturelle uttrykk for framtida.

Mariann Bjelle, Lillehammer, kulturrådgiver, Oppland fylkeskommune

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags