Kvinna la i veg frå Nørstedalsseter i Fortunsdalen på morgonen i går, og skulle etter planen nå Sognefjellshytta i går kveld. Det gjorde ho ikkje, og ein redningsaksjon vart sett i gang. Turen er ifølgje ut.no på knappe 15 kilometer, tek minimum åtte timar og blir gradert som svært krevjande.

– Kvinna er fjellvant og godt utstyrt, derfor har vi hatt litt is i magen, men nå er ein redningsaksjon i gang, sa oppdragsleiar Ove Stian Ovrum i Innlandet politidistrikt til GD klokka 12 fredag. Klokka 14.55 fortalde politiet i kvinna var funnen i god form.