Kvinnesak fru Blom?

Av
DEL

Meninger

Sanna Sarromma står ofte fram som kvinnesakskvinne på sin hals, sist som superfeminist. Det er greitt nok, og ei ærleg sak. Sist er det Øyer, som trass i framståande kvinnelege politikarar tidlegare, blir kjenneteikna som Opplands Saudi-Arabia fordi menn etter somme si oppfatning får forrang denne gongen; tydelegvis som ein slags penisforlengar inn i maktas korridorar.

Tidlegare dette året la eg merke til at Sarromma uttrykte stoltheit over bruken av ulike namn på det kvinnelege kjønsorgan, noko og andre kvinner burde gjera. I mitt einfald trudde eg at kvinnekampen gjekk i mot å gjera kvinna til objekt eller seksualobjekt.

Det er mogleg at finsk lynne er meir frigjort enn det norske, og at det siste kan bli oppfatta som fordomsfullt. På meg verkar det derimot som ein del slike, etter mitt syn nedlatande uttrykk for mange menneskje, bidreg til å tingleggjera kvinna, og derfor på sikt snarare kan utvikle forakt enn forståing og toleranse.

Hans Sandviken, Vinstra

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags