Kynisme og makt rår i Vågå

Ap og  varaordfører Live Langøygard valde Harald Sve Bjørndal og Bygdalista. - Da er det kynisme og makt som rår, skriv Terje Kleiven.

Ap og varaordfører Live Langøygard valde Harald Sve Bjørndal og Bygdalista. - Da er det kynisme og makt som rår, skriv Terje Kleiven. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Valet er over og taburettane namna. Det er på sin plass å gjera seg nokre ettertankar. I Vågå er det historisk på fleire enn ein måte.

Det er første gong det blir ordførar frå Bygdalista. Dette trass i at dei berre har fire menn av 17 representantar, og dermed er nest minst. Det er grunn til å gratulere med god utteljing og ønskje Harald Svee Bjørndal lykke til som ordførar.

Dette kan dei takke Ap for. Og da er vi ved det andre historiske faktum. For første gong i historia var det konstituering utan at Ap hadde eigen ordførarkandidat. Dei hadde ordførarkandidat i valkampen, dei hadde den 1. mai, dei hadde det under stand og møter og på sosiale medium. Ja, dei hadde til og med eiga utsending i postkassene med bilde av Live. Men det var før valet.

Førre perioden var det også eit politisk ekteskap mellom Bygdalista og Ap. Kjærleiken blomstra av seg etter vel to år. Nå prøver dei på nytt. Denne gongen er det rett nok berre eit valteknisk samarbeid som handlar om taburettar. Men i motsetning til førre gongen krøllar nå Ap seg saman ved fotenden, og let Bygdalista breie seg på hovudputa.

Valet er også historisk for SV. Aldri har dei hatt slik oppslutning. 10,9 %. Og aldri har dei fått så lita utteljing når posisjonar til formannskap og hovudutval skulle fordelast. Det er ei påminning om at det som blir oppfatta som «politisk vennskap» ikkje når langt når det blir spørsmål om taburettar. Da er det kynisme og makt som rår. Og da blir ein lett framlute den som manglar ryggrad. Men det kjem ein kvardag.

Terje Kleiven, Lalm


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags