Landbruksforhandlingane er like interessante som eit finsk fjernsynsteater

Ole Petter Berget er ikkje imponert over det bondelaget og småbrukarkaget fekk ut av jordbruksforhandlingane,

Ole Petter Berget er ikkje imponert over det bondelaget og småbrukarkaget fekk ut av jordbruksforhandlingane, Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Trist og grått, og gjev omtrent like mykje i lommeboka.

Vi tek ansvar, seier Bondelaget. Kva slags ansvar? For bonden? Det var så langt vi kom, seier Småbrukarlaget, nå må vi sjå framover. Rein hersketeknikk og tåkelegging. Enten så vil ikkje faglaga gjere det betre for sine medlemmer eller så er dei ikkje gode nok i forhandlingane. Unntatt for dei aller største bruka, da. Dei som ifølge Listhaug skulle klare seg utan tilskot, og som dei siste åra har fått auka sin andel med ca. 75 %. Er faglaga fornøgde med den utviklinga?

Når det gjeld småbrukarlaget, er eg veldig usikker på om det er dei som dyrkar asparges i verandakassa og har 15 villsauer, eller dei som har 100 eller 200 vinterfôra sauer, som er mest i fokus. Unntatt når kontingenten skal betalast, da. På landsmøtet i 2019 vart det vedteke at sauen skulle prioriterast under årets landbruksforhandlingar. Men slike småting som landsmøtevedtak ser det ut som at småbrukarlaget berre legg til side.

Det blir skrytt i det vide og breie om at det skal vera eit landbruk over heile landet, store og små bruk. Om det overhovud er nokon i faglaga som verkeleg meiner det, da må det komme fram i forhandlingane og ikkje berre frå talarstolen når det skal applauderast.

Faglaga sender ut såkalla studiehefte over heile landet, bønder samlast og bruker mange timar på å koma med innspel til landbruksforhandlingane. Og er i den meininga at det vil utgjere ein forskjell. Sanninga er at dette er det ingen sentralt som bryr seg noko om.

Om småbrukarlaget ikkje skal bli oppfatta som eit «bondelag-light», bør dei – om det er noko dei er ueinige i – bryte med Bondelaget før dei går i forhandlingar med Staten.

Det hadde nok lønt seg godt for Småbrukarlaget å leige inn profesjonelle forhandlarar, da det ikkje verkar som mannskapet er heilt på topp. Dei beste folka har enten slutta i styret, eller meldt seg ut som medlemmar.

Det er så mykje det hastar med, som f.eks. betre lønn, slik at norske bønder ikkje må bli så store at dei må importere husmenn frå andre land for å jobbe for seg.

Og det handlar om sjølvforsyning. Det må bli slutt på at norske myndigheiter ofrar landbruket i distrikta og importere kjøtt som vi fint kunne produsert sjølve. Og ikkje minst med eit langt mindre medisinforbruk i forhold til dei landa det blir importert frå. Dette blir gjort berre for å redde laksenæringa, ei næring som forureinar mykje meir enn landbruket.

Nå er det på tide at den norske landbruksfamilien vaknar. Dei tillitsvalde i faglaga og samvirkeorganisasjonane må nå gjere det dei får betalt for: Ta vare på den Norske bonden, ta vare på store og små bruk frå kyst til fjell.

Ole-Petter Berget, leiar i Nord-Fron Bonde og småbrukarlag


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags