Landsline i fjellfriluftsliv der ho høyrer heime, i Lom

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ideelt sett er skulen ein institusjon som skal føre kunnskap frå tidlegare tider over til nye generasjonar. I eit samfunn i «normal» utvikling har dette fungert godt i meir enn hundre år.

Vi som nå tilhøyrer vaksengenerasjonen, -også dei fleste av dagens politikarar- har fått vår opplæring i dette samfunnet og er prega av tradisjonell tankegang og det vi må kalle gårdagens løysingar. Omstillinga til eit datasamfunn med heilt nye utfordringar går sakte og nølande, men dagens skule skal førebu oss nettopp på å leva i eit nytt samfunn med nye utfordringar og nye løysingar.

Omgrep som biologisk mangfald, befolkningseksplosjon og klimakrise var knapt skapt da eg gjekk på skule. I dag er dette realitetar som vil definere livet til alle nye skuleelevar.

Personleg erfaring som lærar/omvisar gjennom 60 år har også synt meg at kunnskapsnivået blant norske elevar innan nokre av naturfaga på lågare klassetrinn er skremmande lågt. Dette gjeld også for mange med arbeid knytt til naturen, t.d. guidar og nokre få av dei som arbeider med naturen i endring i landet vårt.

Nesten alle utkantkommunar kjempar i dag mot forgubbing og avfolking, ei ynskt (?) sentralisering og sterke trendar fører dagens ungdomsgenerasjon mot stadig veksande byar. Samstundes skapar det aukande behovet for oppsyn, guiding og formidling nye arbeidsplassar i område med spennande naturlandskap. Også den teknologiske utviklinga gjer det nå mogleg å velja ei anna livsform. Hytta kan bli bustad og naturen ein del av kvardagen.

Ei «friluftsline» på ein vidaregåande skule gjev knapt grunnlag for eit yrkesval, men vil gjeva ei sterkare tilknyting til området og eit grunnlag for vidare utdanning for turisme knytt til fritidsaktivitetar for ein urbanisert befolkning.

I Lom byr naturen inn til så mykje meir enn tradisjonell klasseundervisning!

Her kan talrike biotopar frå 400 til 2000 moh. by på eit stort utval av landskapstypar i mange klimasoner, og i Ottadalen finst dugande lærarar og fjellfolk med unik kunnskap om fjellheimen rundt oss. Her har vi godt kartlagde biotopar, vi har Fjellsenter, Klimapark og Steinsenter, vi har tilrettelagde turløyper og naturstigar. Det vi manglar er stutt sagt å sy dette saman til ei friluftsline basert på kunnskap om naturbiotopar i rask endring.

Og nettopp her ligg hovudpunktet! For alt dette er nå i rask endring: Grana erobrar bjørkebeltet og bjørka krek stadig høgre i fjelldalane. Setervangane gror att, fjellblomane blir pressa oppover, nye insekt flyttar inn og fuglar og dyr må tilpasse seg nye varmerekordar eller døy ut. Det urbane menneske angrip dei skrumpande naturlandskapa med stadig nye vegar inn til skiheisane og hyttebyane.

Eg vil, stutt sagt, ha ei landsline for fjellfriluftsliv som brukar naturen og miljøet sjølv som klasserom og som bryr seg med alt som skjer rundt i den norske fjellheimen!

Og eg vil ha ei slik friluftsline her ho høyrer heime: i LOM!

Torgeir T. Garmo, Lom, Lomslista

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken