Lånte fjær i Vågå

Av
DEL

lesarinnlegg
GD 23. juni har Nelly Karidatter Einstulen eit innlegg om at Vågå pyntar seg med lånte "fjær." Kritiske røyster er bra, og Nelly har sterke meiningar om mangt som ho må ha lov å ha fram. Der er bra at ho rosar det grundige og omfattande arbeidet som er gjort i Ullinsvin med Unn og Birger Bostad i spissen.

Ja, Vågå har mykje å tilby på mange område. Eg er av dei som synes historia knytt til den gamle prestegarden er spennade, både når det gjeld Edvard Munch og Ole Bull. Synes det er litt drygt å seia at Munch hadde liten tilknyting til Vågå med besteforeldre her, fleire dokumenterte besøk i m.a. med inspirasjon frå Vågåkyrkja. Kjende var vel m.a. bilethoggar Visdal som har laga bysta av Munch. Er glad for at andre enn eg ser dette som interessant.

"Når det gjelder Ole Bull er det ingen kvalitetsikrede kilder som tilsier at han selv opplevde en personlig eller kunstnerlig tilhørighet til Vågå. ", seier Einstulen. Det som er interessant for meg i denne samanhengen, er at Ole Bull var ein stor fiolinmeister som bygde mykje på norsk folkemusikk.

På Lysøya (Lysøen) i min heimkommune heng det bilde av oldefaren til Ole Bull, prest i Vågå og bestemor Gisken som vaks opp i prestegarden i Vågå. Guidane på Lysøya framhevar bakgrunnen for folkemusikkinspirasjonen til Valestrand på Osterøya. Det er nok rett, men kven er det i generasjonar bakover som har overført kultur gjennom sang?

Mødre og bestemødre har hatt denne rollen. Kva med bestemor til Ole Bull. Han var 23 år då bestemor hans døydde. Hadde Gisken med seg stoff frå kulturen i Vågå? Vi kjenner jo godt til at broren Edvard Storm bygde sine Døleviser på folketonar frå Vågå. Han var vel meir i lag med vanlege folk m.a. i drengestova. Men det er truleg at også Gisken fekk kjennskap til viser og bånsullar gjennom tenarskapet i prestegarden. Dessutan er det dokumentert at Gisken, gift med apotekar Bornemann, budde nokre år i København samstundes med Edvard Storm, og at dei hadde kontakt. Naturleg då at dei mintest oppveksten i Vågå og kulturen der.

Etter at Gisken og søstera Magdalena også reiste frå Vågå i ungdomsalder, ser det ut til at det vart brot med familien i Vågå. Dei kom aldri tilbake, og Ole Bull kom ikkje nærare Vågå enn Laurgard på Nord- Sel. Men dokumentasjon med brev o.l. gjekk tapt i ein brann i apoteket i Bergen. Difor er det mange opplysningar som ein ikkje kan kvalitetssikre her.

Eg trur på setninga om at barnet er far til mannen iflg. Woodsworth); det du får inn i barndommen formar deg som vaksen, og at Ole Bull har fått sine fyrste musikkinspirasjonar m.a. frå bestemor. Kor mykje dette har hatt å seie for han vidare, er det ingen som kan vite. Opplysningane har eg fått gjennom eit inspirerande foredrag av Johan Storm Munch i Jutulheimen i regi av Vågå Historielag. Mange er sikkert einige med Nelly Einstulen, men eg er glad for at Vågå brukar denne fjøra til å knyte ein samanheng som eg meiner finst, og som bør vera interessant for komande generasjonar.

Frøydis Schjølberg, Vågå

Hvorfor må Vågå pynte seg med lånte fjær?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags