– Etter å ha søkt etter den sakna kontinuerleg sidan søndag ettermiddag, blir mannskapa nå trekt ut av området ved Balbergkampen der den sakna sin bil er funnen. Politiet har søkt systematisk og grundig i dette området utan funn, heiter det i ei pressemelding frå politiet, der dei understrekar at leiteaksjonen ikkje er avslutta.

– Vi avsluttar den fysiske leiteaksjonen i området der bilen vart funne, og går nå over til meir rein etterforsking, følgjer opp tips, digitale spor og slike ting. Vi har rett og slett ikkje noko meir å gå på, seier operasjonsleiar Rune Vegard Huse til GD.

Han fortel at det har vore eit fellesmøte med alle dei friviljuge torsdag kveld, og at dei har fått beskjed om at det ikkje blir mobilisert til ein stor felles leiteaksjon fredag.

– Nå blir det teke ei fagleg vurdering om korleis ei eventuell leiting skal halde fram, seier Huse i pressemeldinga frå politiet.

Leita sidan søndag

Det var søndag ein større leiteaksjon vart sett i gang etter at ein 22 år gammal mann busett på Lillehammer vart meldt sakna.

Store mannskap frå politiet, Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder, Røde Kors, andre friviljuge og Sivilforsvaret har vore ute og leita. Søket har teke utgangspunkt ved Balbergkampen, der bilen til den sakna vart funne, men det har vorte leita over store delar av byen.

Politiet har ikkje endra status og antek at 22-åringen framleis er i live.

Går ut med detaljar

I pressemeldinga går politiet også ut med fleire bilete av kleda og skorne 22-åringen truleg hadde på seg da han forsvann. Dei meiner han mest truleg hadde på seg ei mellomblå Salomon lett dunjakke med eit mørkare felt øvst på ryggen og i sidene.

Han hadde på seg knallraude Salamon joggesko, og kan ha på seg ei lue. Han er 183 cm høg, slank med normal kroppsbygning og pratar rogalandsdialekt.

Politiet folk følgje med, og ber dei som kan ha tips eller observasjonar ta kontakt på telefon 02800.