leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Før, da dei nye linene strekte seg gjennom skogåsane med framveksten av jernbanen, var lokomotiva lette å få auga på. Slik var det vel og i politikken, anten ein tenkjer på store folkeparti, eller Tyskland som lokomotivet i dei seinare tiårs Europa. I dag er sidespora mange, og fleire vert det, og ved at ein del politikarar somtid rir mange hestar på same tid.
Med klassesamfunnet var det få som hadde råd til fyrste klasse på toget, det fanst ikkje noko komfort- eller flytesone. I dag er og Staten på nye vegar. No er det lenge sidan det rådande partiet i etterkrigstida trekte fram gratispassasjermodellen; at dei som gjorde grovarbeidet for grunnlaget av velferdssamfunnet, opplevde at andre tok over og flaut vidare på ei velstandsbølgje, til høgre, når mange vart godt stilte og noko meir bortskjemte i krava sine.
Seinare opplevde ein at Jan P. Syse skulda sosialdemokratar for å rappe kleda når høgrefolk var ute og bada. Uansett, utviklinga går nok i bølgjer. Dei store partia har vorte meir like; Høgre har nærma seg Ap i sosial- og velferdspolitikken, medan sist nemnde nok har godteke noko meir innslag av marknad i økonomiske spørsmål.
Det er nok ulike synspunkt på kvifor arbeidar- og sosialdemokratiske parti har tapt noko posisjon, som i England og Nederland. Somme vil peike på at innvandring, globalisering eller Det kunnskapsstyrte brukarsamfunnet riv i stykke folkepartia. Det kan nok vera noko i at andre parti, og typiske protestparti, overtek rolla der arbeidarparti på ein måte «overflødiggjorde»seg sjølve ved ein politikk som løfta store delar av folket sosialt og økonomisk.
Her i landet er det nytt i seinare år, at Frp står fram som det nye arbeidarpartiet eller at Høgre er parti for fattige, men det fortel vel ein del om at dei sosiale- og partimessige mønstra er noko i oppløysing. Ein kjent professor, Simon Hix i England, meiner det er ein tydeleg samanheng mellom industridød og partifall, men at einskilde sosialistparti greier seg best der det er høg levestandard og god utvikling. Det meste er i rørsle i vår tid, og med bortfall av industri, må ein freiste å kapre nye veljarar innan ei middelklasse, der ein lett kjem i klemme.
Ein del unge menneske ønskjer tydelegvis, mest i oppgangstider, å inngå avtalar på eiga hand med arbeidsgjevar, for å stå friast mogleg når det gjeld løn. arbeidstid, karriere og anna. På same tid ser ein auka dumping, korrupsjon og ein del kriminelle forhold i arbeidslivet, mest i storbyane.
Når leiinga i eit arbeidarparti gjer framstøyt om samarbeid med KrF eller Venstre, er det nok lett å kome på kant med fagrørsla, ikkje minst ettersom leiaren i Venstre har vist ei lite forsonleg haldning til LO i det siste. Det er og noko nye mønster i eit politisk landskap, der Gunnar Knudsen, skipsreiar og statsminister for Venstre i fleire periodar før 1930, uttrykte at positivt samarbeid føregjekk til venstre, i skjeringspunktet mellom Ap og Venstre. Senterpartiet, eller Bondepartiet, kom og med som parlamentarisk støttespelar for Ap i 1935, og vart slikt sett ein del av makta. I dag kunne og Sp lett vore i ein typisk maktposisjon, men endar førebels meir opp som motmakt, ei type makt som nok og andre kanskje må ta noko opp i seg, om det på nytt skal verta samarbeid by og land.