Den andre sida av Skåbu oppvekst

Foreldrepar fra Skåbu vil med dette brevet fortelle sin historie og sine erfaringer med å ha ungene sine på Skåbu oppvekst. Bildet er kun et illustrasjonsfoto.

Foreldrepar fra Skåbu vil med dette brevet fortelle sin historie og sine erfaringer med å ha ungene sine på Skåbu oppvekst. Bildet er kun et illustrasjonsfoto. Foto:

Av

Her er brevet frå foreldrepar som har hatt og framleis har barn ved Skåbu oppvekst.

DEL

Meninger 

SKÅBU: Vi er fleire foreldrepar som har ulike historier og vonde erfaringar med å ha barna våre som elevar ved Skåbu oppvekst. Vi og våre barn har opplevingar som har satt spor og som vi helst skulle ha vore forutan. Dette ser vi alvorleg på og vi håper at andre etter oss slepp å oppleve det same. Vi er usikre på kor mykje kommuna som skuleeigar veit om våre historier og   derfor dette brevet. Vi opplever at våre historier ikkje har fått tilstrekkeleg plass eller er blitt tilstrekkeleg vektlagt når ungdomstrinnet ved Skåbu oppvekst ved fleire høve dei siste åra er blitt drøfta administrativt og politisk med tanke på at det er blitt eit svært lite skulemiljø.

LES OGSÅ: – Ungene våre har vonde opplevelser fra Skåbu oppvekst, sier foreldre.

Dei tre siste åra har 50 % (4 av 8 elevar) søkt seg nedover til Vinstra ungdomsskole. Vi er av den oppfatning at hadde barna våre opplevd trivsel og tilhørigheit ved Skåbu oppvekst, så hadde dei ikkje ønska seg bort. Dei har alle hatt mistrivsel, kjent på stor utryggleik i miljøet, opplevd ikkje å bli forstått og bli tatt på alvor, hatt tap av fagleg motivasjon, kjent på einsemd, opplevd utestenging, mobbing og krenking av ulikt slag. Til opplysning så vart våre historier ikkje nemnd med eit ord då FAU i førre veke gjekk ut i lokalpressa og løfta Skåbu oppvekst fram som ei mobbefri skule. Dessverre ikkje overraskande for oss, men som forventa.

Felles for oss foreldre har vore ein dårleg dialog med skulen der vi har opplevd ikkje å bli trudd, der episoder har blitt bagatellisert, underkommunisert eller ikkje blitt fortalt i det heile teke frå skulen si side, men der andre foreldre eller barna sjølve har fortalt om ugrei og stygg atferd enten retta mot seg sjølve eller mot andre. Kvar gong vi foreldre har vore kritiske til ting og tatt dette opp med skulen, har vi frykta at det skulle gå ut over barna våre.

Dei siste åra har det eksistert ein kultur ved Skåbu oppvekst der foreldre og barn skal vere posistive uansett korleis ein har det. Vi har gått med ei sterk kjensle av at det er våre barn eller vi foreldre som det er noko gale med – vi er for kritiske, for lite positive, vi er ute etter skulen, vi er spesielle og sære, vi er vanskelege å samarbeide med, vi snakkar ikkje skulen tilstrekkeleg opp osv. Kort sagt har vi kjent på stigmatisering og at det hefter feil ved oss og barna våre. Dette er både ugreit og alvorleg i eit lite bygdemiljø.

Det er også slik at vi har måtta bruke individuelle årsaksforklaringar som grunn når barna våre har vist mistrivsel og utryggleik og ønska seg vekk frå miljøet. Vi har alle som ein til dags dato ikkje opplevd at skulen har tatt sjølvkritikk, men at forklaringa på barna våre sine problem har vore å finne i barna sjølve og/eller hos oss foreldre. Når då FAU står fram og kallar Skåbu oppvekst for ei mobbefri skule, blir det begått ein stor urett mot oss. 

Nokre av foreldrepara som har underteikna dette brevet, har også skrive historiene til barna sine. Vi ønsker kun at kommunen skal vite om våre historier og ta dei med i drøftingane om framtidig skolestruktur samt nedlegging eller vidareføring av ungdomstrinnet i Skåbu. Vi håper at kommunen og politikarar set barna/ungdommane sitt læringsmiljø (fagleg og sosialt) i hovudfokus i sine drøftingar.

For politikarane er det viktig å forstå at trivsel, tryggleik og tilhørigheit er aller viktigast for læring.  

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags