Gå til sidens hovedinnhold

Likestilling eller likeverd?

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Det går ein debatt om 4 eller 5 dagars skuleveke for dei minste. Men det er ikkje dei minste ungane det handlar om, men såkalla likestilling. I avisdebatten er ungane knapt nok nemnt, sjølv om det vel er dei det handlar om! I staden blir det ein diskusjon om likestilling og pensjonspoeng.
Tenk om foreldra kunne konsentrert seg om den livsfasen dei akkurat er inne i, som aldri kjem att, korkje for dei eller ungane. Pensjonen kjem nok om dei får leva så lenge. Eg har høyrt om både kvinner og menn som angrar på at dei brukte for lite tid på ungane medan dei var små. Men har aldri høyrt om nokon som har angra på det.
I ymse debattar, td om forskjell på gutar og jenter sine evner til å tilpasse seg skulen, synest det akseptert at dei er forskjellige. Men så snart det kjem til arbeid og barn, skal alt vera likt. At det er flest kvinner som vel mest tid heime, blir skulda på mangel på likestilling. Altså, følgjer ein ikkje sine naturlege ynskje, er ein ikkje likestilt. Eg vil seie at da er ein ikkje likeverdig.
Men det var kva som er best for ungane. Under korona krisa har mange funne attende til tida, samværet med seg og sine. Og vorte betre kjent med sine eigne ungar. Og ungane kjent med foreldra kanskje?
Ingen er like. Kva som er det rette for den einskilde familie, har sjølvsagt ikkje eg fasiten på. Men at det er verdifullt med tid, ikkje minst litt saktegare tid, er viktig for både store og små.
Kvifor er det så mykje psykiske problem blant barn og unge i dag? Kanskje ein av årsakene er at alle har vorte mindre rotfaste i alle sin streben etter status, karriere og det perfekte liv. Der alle flyg frå den eine arenaen til den andre heile tida. Hadde det enda vore berre arbeidet, men trening, fritidsaktivitetar, konkurransar osb. stel tid og ro for mange.
Ein dag i veka utan at hamsterhjulet går og går, kan vi som samfunn unne både store og små. Sjølvsagt med SFO for dei som ikkje kan eller vil. For ungane, mor og far utan å bli stempla for noko som helst. Anna enn å leva her og nå, slik naturen hadde tenkt det.

Fride Gunn Rudi, småbrukarkjerring, Ringebu