NHO Reiseliv kom i dag med oversikt over belegget på hotella i dei største norske byane i juli. Variasjonen er stor, men på Lillehammer det omtrent som i fjor; det ligg folk i dei aller fleste hotellsengene.

I juli i fjor var det folk i 90 prosent av hotellsengene kvar natt, det har gått ned tre prosentpoeng i juli i år til 87 prosent. Det er likevel meir enn nokon annan av byane som er med i NHO reiseliv si undersøking.

Til samanlikning var belegget i Oslo 67 prosent, Bergen 70 prosent og Hamar 65 prosent.

Alt i alt har det vore ei auke i andelen av hotellsengene som har vorte brukt i juli i år samanlikna med juli i fjor.

– Det er svært gledeleg med gode sommartal, men det er fleire forhold som pressar reiselivsbedriftene nå, seier direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold, som særleg peikar på kombinasjonen av renteauke, dyr straum og auka kostnadar på varer.