Gå til sidens hovedinnhold

Lillehammer Høgre og Olympiaparken

Artikkelen er over 1 år gammel

lesarinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


I staden for å kjempe for at Regjeringa sin kompensasjonsordning også må fange opp Lillehammer Olypiapark, vel Lillehammer Høyre sine representantar å skulde Olympiaparken for å takke nei til statleg hjelp. Med dette svekker dei Olympiaparken sitt omdømme, når dei heller burde slåst med nebb og klør ovanfor eiga Regjering for at Olympiaparken skal få kompensasjon for tap av inntekt.

Jobbar ikkje Lillehammer Høyre ovanfor si eiga Regjering med saker som tener vår region? Av røynsle veit eg at ein må slåst ovanfor Storting og Regjering nærast for alt i regionen vår, store som små saker. Politikarane sin oppgåve må vera å ivareta vår region sin interesse.

Olympiaparken er ei stor og særs viktig verksemd for Lillehammer og regionen. Aktiviteten her gir store ringverknader, ikkje minst for det næringslivet som Høyre seier dei er opptekne av. Dette er ei verksemd som det så visst er verdt å kjempe for. Da er det lett å finne gode argument ovanfor sentrale styresmakter, argument som vi også brukte da vi lykkast med å få tilskot på Statsbudsjettet.

I staden for å sørge for gjennomslag i si eiga Regjering, avslørar Høyre sin eigen udugelegheit med å angripe Olympiaparken.
Møllerløkken og Gunnerud kritiserer Olympiaparken for ikkje å permittere sine tilsette og uttrykker at Høyre er opptatt av korleis offentlege midlar blir forvalta.

Ja, offentlege midlar må forvaltast godt, men pengar frå Nav er like mykje offentlege midlar som pengar frå stat og kommune. Det ville ikkje vore samfunnsøkonomisk betre å permittere dei tilsette. Nå har dei tilsette mellom anna gjort naudsynt oppgradering og vedlikehald. Dei tilsette har skapt verdiar i staden for å vera arbeidslause og få pengar frå Nav. Dette har den særs dyktige daglege leiaren, handtert på ein fornuftig måte.

Olympiaparken si utfordring nå, er at svært mange arrangement som normalt gir inntekt, er avlyste. Dette er tap som Olympiaparken som andre, burde fått kompensasjon for. Det at Olympiaparken ikkje lenger er skattepliktig, kan ikkje stoppe dette.
Det er dette Lillehammer Høyre burde slåst for, i staden for å svekke omdømme til ein så viktig bidragsytar i vår region.

Torstein Rudihagen, Lillehammer

Kommunekassa og statskassa er ikke den samme

Statskassa og kommunekassa er ikke det samme

OL-parken 2020

Det ville ikkje vore samfunnsøkonomisk betre å permittere dei tilsette