Liv Lågå i Skåbu og Nord-Fron

Skåbu fjellhotell, Jannike Haug Doksæter og Henrik Sverdrup Beston

Sigurd Haug og Kirsti Vauem Haug *** Local Caption *** Skåbu fjellhotell, Jannike Haug Doksæter og Henrik Sverdrup Beston, Sigurd Haug og Kirsti Vauem Haug

Skåbu fjellhotell, Jannike Haug Doksæter og Henrik Sverdrup Beston Sigurd Haug og Kirsti Vauem Haug *** Local Caption *** Skåbu fjellhotell, Jannike Haug Doksæter og Henrik Sverdrup Beston, Sigurd Haug og Kirsti Vauem Haug Foto:

Av
DEL

leserinnlegg

Eg trur eg har mange med meg, når eg seier at Nord-Fron kommune er ein god kommune å bu i. Dei aller fleste har det godt. Vi har eit godt utvikla kommunalt tenestetilbod. Vi har eit spennande og variert næringsliv. Og ikkje minst – vi har ildsjeler, lag og foreiningar, ei friviljugheit og ein dugnadsånd som er unik.

Nord-Fron Arbeiderparti ønskjer at det skal bu folk i heile kommunen, og at vi kan drive næring i heile kommunen. Vi meiner alle bygdene våre er viktige for både Nord-Fron og Gudbrandsdalen framover.

Som lokalpolitikar frå Skåbu, har eg lyst til å seie litt om Skåbubygda. Vi hadde ein ganske tøff og vanskeleg vinter der vi fekk eit vedtak om nedlegging av ungdomstrinnet ved Skåbu oppvekst. Slike saker vekker sterke kjensler, og det var ulike meiningar i bygda. Mi oppleving er at dette har vi nå lagt bak oss, og skåbyingen ser opp og fram. Skåbu oppvekst fortsett den gode satsinga på entreprenørskap og internasjonalisering, og det er så mange ungar i barnehagen at det er oppretta ei ny avdeling; det er kjempebra!

Det skjer mykje positivt i Skåbu, og eg er stolt av alle sambygdingane mine over kva kvar enkelt, og vi saman får til. Som til dømes fleire store arrangement som set Skåbu på kartet, og gjer bygda attraktiv for oss som bur her og for andre. Nord-Fron kommune er med og støtter opp om deler av dette.

Det er viktig å marknadsføre tilboda og dei unike områda vi har i Skåbu og heile kommunen, og Nord Fron Ap vil setje av ein fast sum i året til marknadsføring av kommunen vår.

Eg er full av beundring for alle som satsar og legg ned særs mykje arbeid for at Skåbu har ulike moglegheiter og tilbod som turistdestinasjon for tilreisande. Nord-Fron Ap har vore pådrivar for å få opna Murudalsvegen for allmenn ferdsel. Eit viktig arbeid meiner vi, for å knytte ulike opplevingar saman gjennom Elgland.

Vi har og vore ein pådrivar for å utvikle nye hytteområde i Skåbu gjennom den nye arealplanen til kommunen, og vi vil fullføre ein sentrumsplan for Skåbu. Stabile arbeidsplassar er ein av dei viktigaste inntekstskildane i ein kommune, og er avgjerande for bygdenes framtid.

Vi skal fortsette å prioritere næringsutvikling. Som lokalpolitikar ønskjer eg å jobbe for gode tenestetilbod til alle. Omsorg og helse famnar det meste, og alle skal ha god livskvalitet i alle livets aldrar og fasar. Nord-Fron Arbeiderparti vil fortsette å jobbe for trygge og gode fellesskap.

Heidi Maurstad, Nord-Fron Ap


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags