Utsett vedtak om vegopning

UTSETT: Avgjersla om tidlegare opning av Sognefjellsvegen (bilete) og Valdresflya er utsett.Foto: Knut Storvik

UTSETT: Avgjersla om tidlegare opning av Sognefjellsvegen (bilete) og Valdresflya er utsett.Foto: Knut Storvik

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkespolitikarane utsett avgjersla om tidlegare opning av fylkesvegane Valdresflya og Sognefjellsvegen til hausten.

DEL

– Vi meiner moglegheitsstudien er god, men den manglar innspel frå lokalt næringsliv og kommunar. Vi ynskjer ein dialog med dei slik at alle moglegheiter, risikoar og potensial kjem fram. Det er høge kostnader inne i bildet, og det skal vi ta på alvor, seier Anne Thoresen, leiar for komité samferdsel og trafikksikkerheit i Oppland fylkeskommune.

Vil spørre kommunane

Ho og dei andre medlemmane i komiteen kom med ei oppfordring til fylkesutvalet om å utsette avgjersla om den framtidige vegskjebnen til fylkesveg 51 Valdresflya og fylkesveg 55 Sognefjellsvegen til fylkestinget i oktober. Både kommunar og næringsliv har gjentekne gongar kome med ynskjer om ei tidlegare vegopning for vegane enn den som gjeld i dag. I dag opnar Valdresflya 1. april, mens Sognefjellsvegen opnar 1. mai. Politikarane i fylkesutvalet følgde oppfordringa frå samferdselskomiteen og utsette saka for å hente inn fleire innspel.

Tidlegare vegopning er usikkert

Vil ha ope veg ein månad før

Her er veien stengt av uvær 

– Vi må legge eit enda grundigare arbeid til grunn for våre avgjersler. Dette er nasjonale turistvegar som vi ynskjer fleire reisande skal nytte seg av. Vi som vegeigar må ha best mogleg grunnlag for å skape sikre vegar, seier fylkesvaraordførar Ivar Odnes.

Nå har dei bedd om å få eit dokument på bordet i løpet av august 2017. Da blir det klart kor lang tid det eventuelt vil ta å få alle relevante opplysningar på bordet.

Auka kostnader

Moglegheitsstudien viste at det trengst mindre tiltak å opne Valdresflya tidlegare enn Sognefjellsvegen som er meir rasutsett. Kostnadene for å opne Valdresflya tidlegast 20. mars kvart år er opp mot 300.000 kroner, mens ein heilårsope veg fører med seg ein eingangskostnad på 25 millionar kroner og auka driftskostnader på opp mot 3,5 millionar kroner.

Når det gjeld tidlegare opning av Sognefjellsvegen fram til Sognefjellshytta fører dette med seg auka kostnader på rasoverbygg på 225 millionar kroner og auka driftskostnader på opp mot 1,15 millionar kroner. Både opning tidlegast 20. mars og 1. april er vurdert.

Bra for næringslivet

Det har lenge vore eit ynskje om tidlegare opning. Det blir peikt på den positive effekten ei tidlegare opning har for det lokale næringslivet og at fleire kjem seg ut på tur i ein stadig aukande randoneetrend. Det er ikkje berre dei lokale bedriftene som vil nyte godt av ei opning, også tettstadene i Ottadalen vil nyte godt av tidlegare vegopning står det i sakspapira til fylkesutvalet.

Artikkeltags