Vil ikkje opne Sognefjellsvegen tidlegare

SOGNEFJELLSVEGEN: Avgjersla om tidlegare opning av Sognefjellsvegen (bilete) blir avgjort tysdag.Foto: Knut Storvik

SOGNEFJELLSVEGEN: Avgjersla om tidlegare opning av Sognefjellsvegen (bilete) blir avgjort tysdag.Foto: Knut Storvik

Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag 23. januar skal fylkesutvalet behandle sak om vinterstengning eller tidlegare opning av fylkesveg 55 over Sognefjellet.

DEL

Fylkesrådmann Rasmus Olav Vigrestad legg opp til eit forslag til vedtak om at fylkesutvalet opprettheld vinterstengning av fylkesveg 55 over Sognefjellet 10. november - 1. mai. I utgangspunktet er det ynskje frå kommunen og lokale reiselivsaktørar om å opne vegen frå Rustasætre inn til Sognefjellshytta tidlegare, men dette er ikkje aktuelt, ifølgje fylkesrådmannen.

LES OGSÅ: Brøyt veg til snøsikkert skieldorado på Sognefjellet!

Dei to hovedgrunnane er tryggleiken og økonomien. Fylkesrådmannen meiner at ansvaret for tryggleik og ansvar blir for stort for fylkeskommunen, som er vegeigar, ved ei tidlegare opning enn det som er forsvarleg. Det ansvaret er større enn den økonomiske konsekvensen. Deler av strekninga har uakseptabel strekningsrisiko med tanke på skred på vegen, ifølgje ein rapport frå Skred AS som er basert på Statens vegvesen sine retningslinjer. Fylkesrådmannen meiner også at det ikke forenleg med ei tidlegare opning med tanke på den begrensede økonomien til fylkeskommunen til investeringer til veger og drift og vedlikehald.

Nå er det opp til fylkesutvalet kva som skjer med saken.

LES OGSÅ: Utsett vedtak om vegopning



Artikkeltags