I lange drag mot Glittersjå

Etter to års iherdig innsats kan Helge Nordskar snart ønskje vel møtt til eventyrgarden Glittersjå i Murudalen. Bakom ruvar Glittertind og andre høge jotunfjell.

Etter to års iherdig innsats kan Helge Nordskar snart ønskje vel møtt til eventyrgarden Glittersjå i Murudalen. Bakom ruvar Glittertind og andre høge jotunfjell. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Midt i stinne skogen med utsikt beint mot Glittertind ligg Glittersjå fjellgård.

DEL

30 år etter at Hege Thorson og Helge Nordskar tok fatt på oppbygginga av vidgjetne Langedrag mellom Hallingdal og Numedal, er dei på gang med eit nytt eventyr.

- Den store drømmen er å ta fatt att der vi starta på Langedrag, seier Helge Nordskar (54), og tenkjer 30 år attende da han vart sett til å byggje opp den etter kvart så landskjente villmarksgarden over Tunhovdfjorden mellom Hallingdal og Numedal.

Han vann prinsessa og halve kongeriket, men etter fire år som snikker og leirskulelærar døgnet rundt valde han og kona Hege å flytte for å prioritere familieliv og oppdraging av eigne barn.

Dei bygde i staden opp landets største suvenirbedrift Way Nor as i Lommedalen, som gjorde det godt under Lillehammer-OL med maskotane Kristin og Håkon og andre suvenirar, og som nå produserer 200.000 troll i året. Det har vore så vellykka at Nordskar sel seg ut og brukar alt som er oppspara til å byggje opp ein ny eventyrgard midt i fjellskogen, sju kilometer innover frå Leirflaten mot Skåbu, 760 meter over havet.

10 år på utkik

Nordskar reiste land og strand rundt i 10 år på utkik etter «drømmegarden». Han besøkte 50 - 60 stader, vurderte 10-12 bruk, men det var alltids eitt eller anna som ikkje rima.

Før han kom til Brenna, som frå gammalt av var vårsæter til ein av dei likaste gardane i Heidal, difor også kalla Heringstadbrenna. På slutten av 1800-talet vart sætra, med 65 dekar dyrka mark rundt husa og 40 dekar slåttemark i Lyurusten ein kilometer unna, utskild som eige bruk til fire sysken Heringstad og tillagt 370 dekar skog.

- Eg fall for dette med ein gong. Eg ringte Hege og sa at «her er det». Alt låg til rette i dei flottaste omgjevnadene som tenkjast kan tett opp mot Jotunheimen. Eg kunne berre flytte inn og ta til.

Og det gjorde han.

Utsikt mot alt

Nordskar peikar ut kjøkenglaset høgt over Mæringsdalsvatnet og viser fram storslått utsikt beint mot Sjolikamp, Hindnubbar og Glittertind, og litt lenger til høgre på andre sida av dalen Brurusten, fjellgarden til Jo Gjende, einaste synlege nabo.

Ein tåkedott øydelegg utsikta mot landets nest høgste fjelltopp denne førjulsdagen, men det er anna å gle seg over.

- Sjå der, er det ikkje ein hønsehauk ute på jordet? Jau, så sanneleg, den er ikkje ofte å sjå.

Fugleentusiasten og biologilæraren får bruk for kunnskapen. Formingslæraren og designaren også.

Glittertind

Nordskar gjer det meste sjølv.

Glittertind er det sjølsagte symbolet for Glittersjå. Fjellet er fresa ut i trekvite gardinbrett, sengjer og møblar. Det er til og med prega inn i skinnlappar av elg som skal festast på nygjorde spisestolar frå Skåbu.

Nordskar har budd og arbeidd her det meste av tida desse to åra. Hege (55) har vore med i helger og feriar og for fullt frå sommaren. Minstejenta Sylvia (15) tek sikte på skigymnaset på Lillehammer, og tre vaksne gutar greier seg sjølve.

Kårstugu er ombygd og påbygd med 25 - 30 sengjeplassar. To innlafta sengjer på topp med fenomenal utsikt blir nok gjeve saker.

Alle rom blir namnsett etter lokale rovfuglar. Haukugle, spurvehauk og tårnfalk er skore i silhuett i trappeoppgang og hemsegjerder, fuglar skal stoppast ut og utstillast saman med informasjon.

- Bur du hos Haukugla skal du få vite kva slags fugl det er, hevdar Nordskar.

Tar imot sommerbesøk

Glittersjå fjellgård får åtte hus med eldhuset som kjem opp til våren, og til sommaren opnar dørene for besøk.

- For eksklusive gjestar stinne av gryn?

- Nei, dette skal slett ikkje bli nokon tumleplass for rikingar, ikkje noko folkemuseum heller. Vi vil at folk flest skal få ta del i det rike og mangfaldige livet som ein god, gammal fjellgard har å by på. Eg trur at også folk som veks opp på landsbygda i dag har eit ganske fjernt forhold til allsidig og naturalbasert gardsdrift. Vi ønskjer at Glittersjå skal bli eit levande gardsbruk, fylt av dyr og menneske som gjer nyttig arbeid på lag med naturen. Vi vil skape ei oppleving for folk av det vi brenn for, hente att klassiske verdiar som har gjort det bra å leva i Norge gjennom mange generasjonar, meiningsfullt arbeid tett på naturen i samvær med andre.

Fjøs og dyr

I stallen klukkar høne og hane og gullfasan frå Himalaya. Det skal bli mange fleire dyreslag etter kvart. Fjøset er under ombygging. Strekkmetall blir utskifta med tre. Gardsdrifta skal baserast på geit. Eit flott flislagt ysteri med vindauga ut i fjøset er under oppføring. Det blir nok ikkje ferdig med det første, og inntil vidare får ystepanna i bryggerhuset gjera nytten. Her er det topp moderne kjøken og god, gammaldags bakaromn med plass til 20 brød og 50 gjestar.

Lokalt vyrkje blir verdsett. Tre, kleber og skifer, for ikkje å gløyme steinmurane. Og fargerike dører inspirert av røsslyng og molte. Nordskar takkar Ola Svaet, murarbrørne Kjell og Egil Øyen og fleire andre dyktige lokale handverkarar for god hjelp.

- Eg har fått rørande god mottaking lokalt, seier Nordskar. Og når vinteren forsvinn, vil det dukke opp ein aldri så liten mura amfi med scene inntil fjøsveggen. Om det blir rypekonsert gjenstår å høyre. Nordskar drøymer i alle fall om å kunne vise fram ein flokk med tamme ryper.

Det skulle ikkje forundre oss. Hardbalne idealistar gjev seg ikkje før dei lykkast. Her blir det meir å oppleva enn vakker utsikt. Det er reine eventyrgarden allereie.

Artikkeltags