Kongens jaktkamerat

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Han har jobba for kongen i 25 år og er på kongens jaktlag. Han har vore rådgjevar for emiren av Qatar. Nå er det skjåkværane Lars Petter Forberg skal gje gode råd til.

DEL

PORTRETTET Det er velstelt på Øvre Tråstad. Ved uthuset står det ein gammal Massey Ferguson. Den har gode dagar. Graset gror under den. Det er ikkje lenger dyr i fjøset. Men jorda blir drivi godt.

Det er to våningshus på Tråstad. I det nyaste bur tidlegare eigar Per Tråstad. Øvst på tunet står eit nyrestaurert tømmerhus. Det er der Lars Petter Forberg og kona Brit Oline held hus.

Den som kjem til gards må banke på. Naturlegvis var det ikkje ringjeknapp på husa på 1700-talet.

– Stig inn!

Lars Petter og katten er einslege heime denne dagen. Kona er på arbeid. Ho er pleie- og omsorgssjef i Skjåk kommune. Og det er ein av grunnane til at Lars Petter kan nyte livet som pensjonist i Skjåk. 25 år har gått sidan dei fekk spørsmål om å ta over Tråstad. Men det skulle gå mange år før dei sette i stand gammelstugu på Tråstad. Og eit par til før dei slo seg ned på bruket. Det skjedde da Brit Oline fekk stillinga ho søkte på i Skjåk.Det er også ein annan grunn til at dei slo seg ned her.

– Både Brit og eg likar å stelle og stulle med slikt. Vi planla å leve livet som pensjonistar her.

Dei har stelt mykje. Og mykje står att. Det fyrste dei gauv laus på, var vøling av det gamle våningshuset som stod på garden. Det er flytta litt lengre opp. Det gamle fjøset er også restaurert. Det er nå bakstehus. Så har dei sett opp ein ny garasje.

– Kaffe?

På veg til kjøkenet og tilbake skryter Lars Petter av dei dyktige handverkarane som har vølt husa. Innreiing og møblering vitnar om eit ektepar med god smak. Kjøpt litt her og litt der. Som eit skåp som mange har bomma nasjonaliteten på. Rosemålinga ser norsk ut. Skåpet er sveitsisk. Det er eit døme på tradisjonar som har gått over landegrensene i uminnelege tider.

Fleire gamle hus til er i emning. To gamle tømmerhus på ein annan gard i Skjåk skal få nytt liv på Tråstad. Nokon tømrar er ikkje Lars Petter Forberg. Men han har lyst til å lære. Han er nysgjerrig. Vil gjerne gjera mest muleg sjølv. Han har meir enn nok å pusle med, 66-åringen på Øvre Tråstad.

– Vi får ta litt etter kvart. Det er kostbart å drive med slikt.

Livet som pensjonist i Skjåk med iver for vøling av gamle hus er ein himmelkvelv og meir enn langt unna det Lars Petter Forberg har drive med gjennom sitt lange og spesielle liv som yrkesaktiv. Han er den einaste her til lands som har vore rådgjevar for emiren av Qatar. Han har vore hoffsjef. Ambassadør i Sveits. Og han har møtt både pave Johannes Paul og pave Benedikt. Det han kanskje set mest pris på, er at den gode kontakta med Kong Harald blir halden ved like. Også i år skal han på elgjakt med kongen. Lars Petter har vore på kongens jaktlag i nær 20 år.

– Den 25. september er vi i terrenget i Sikkilsdalen.

– Kven har felt flest elg av døkk?

– Eg er sikker på at det er kongen som har skote flest.Og det er kongen som er konge på laget.– Det er han som har kommandoen, ja, smiler Lars Petter. Men det er ikkje slik å forstå at det er kongen som skal felle stor-oksen. Det er på kongens jaktlag som på andre lag; det er den elgen kjem til som skyt.– Eg antek at elgen ikkje ser forskjell, om det er kongelege eller andre.Når mørket seinkar seg etter jaktdagen sit det sju karar og snakkar om dagens jakt. Og kanskje løyser dei verdsproblem over ein god konjakk.

Få kjenner kongen betre enn Lars Petter Forberg. Han har arbeidd i 25 år i ulike stillingar ved hoffet. Blant anna som kronprinsens adjutant. Karrieren ved hoffet vart avslutta som hoffmarskalk og hoffsjef.

– Det starta med at eg vart spurt om å bli adjutant for Kronprins Harald. Kvifor eg vart spurt, får du spørje andre om.

Stillinga inneber å hjelpe til med kronprinsens daglege pliktar. Lars Petter var med kronprinsen og kronprinsessa på mange reiser. Også det er ein del av arbeidet. Seinare vart han sekretær for Kronprins Harald. Og stabssjef for kronprinsparet. Det var han da Kong Olav døydde i 1991. Lars Petter Forberg arbeidde for kongefamilien til 2004, som hoffmarskalk og hoffsjef. Ny organisering av hoffet og opprusting av slottet stod som sentrale gjeremål. Han hadde dagleg kontakt med kongeparet.

– Det var ei fantastisk fin periode. Og ein fantastisk familie å arbeide for og med. Det var på mange måtar ein drømmejobb.Om han ikkje har budd i Skjåk før han pensjonerte seg, har Lars Petter Forberg sterke røter i fjellbygda. Bestefar hans kom frå Nordgard Forberg. Han gifta seg med Marlene Tråstad. Dei etablerte seg ved Bjerkebanen og dreiv med gris. Slik starta bylivet for familien Forberg.

Etter gymnaset starta Lars Petter Forberg på befalskulen. Han tok luftkrigsskulen, seinare stabsskulen og var i luftforsvaret i fleire år. Han gjekk inn for landing og taksa mot hoffet. Etter 25 år ved hoffet starta han ei karriere som diplomat.

– Eg måtte ta eit val. Ti år til som hoffsjef til eg vart 67; det ville bli ei veldig lang periode.

Lars Petter skifta beite, og fekk mulegheit til å bli ambassadør i Sveits. Han tok ved og var der i fire år.Forberg gløymer ikkje den dagen han vart spurt om han ville reise til Qatar for å arbeide for emiren. Det var juledagen i 2007 han fekk telefonen. Lars Petter var i Skjåk. Han vart «headhunta».– Kvifor nettopp du?

– Dei hadde nok fleire namn på blokka.

Lars Petter vrir seg litt i stolen. Han er ikkje landets beste i sjølvskryt. Men han er i alle fall den einaste nordmannen som har vore rådgjevar for emiren av Qatar. Dei som hadde blinka han ut til oppdraget hadde kikka han i korta.

– Det avgjerande var nok at eg hadde så lang teneste i hoffet.

Så vart altså Lars Petter Forberg rådgjevar for emir Hamad bin Khalifa Al Thani. Sonen hans, som nå er emir, var forresten på reinsjakt i Skjåk for eit par veker sidan. Det var ikkje Lars Petter som hadde lokka han til fjells. Dei treftest heller ikkje i Skjåk. Ikkje da.

– Eg rapporterte ikkje direkte til emiren, men til ei av konene hans, som hadde ansvaret for utvikling av organisasjonen.

– Ei av dei?

– Han hadde tre.

Lars Petter Forberg kom til eit land som nærmast vassar i pengar. Og leid slikt sett ingen nød.

– Korleis var det å bu og arbeide i Qatar?

– Eg fekk tildelt ein stor og flott bustad. Kona var att heime i Oslo. Eg valde å bu saman med arabarar og muslimar, og jobba stort sett saman med qatararar. Emiren er ein konge, utan samanlikning med den norske. Det er emiren som har den politiske makta. Regjeringa blir direkte peika ut av kongen – emiren. Det er familien som har heile makta.

– Men qatararane vil ha det slik. Der er kongen ved roret for alt. Qatar er eit diktatur. Men eit mildt diktatur.Etter to år forlet Lars Petter Forberg landet, som ligg på ei halvøy i Persiabukta og som grensar til Saudi-Arabia.

På eit raskt nettsøk på Lars Petter Forberg dukkar det opp mange bilde av folk med blått blod. Eit par paver stikk seg fram, også. Lars Petter har møtt både pave Johannes Paul og pave Benedikt. Med Benedikt gjekk samtala om Qatar. Dette var rett før Lars Petter reiste dit.

Pave Johannes Paul møtte han ved eit par høve. Den eine gongen saman med kongen.

Han har også vore sikkerheitsdirektør i Utanriksdepartementet, og jobba mellom anna med krisehandtering. Lars Petter Forberg opplevde meir enn ei krise medan han var der.

– Ein er ikkje sikker nokon plass i verda lenger. Terroren kan slå til kvar som helst. Samtidig er det viktig å ikkje lage så omfattande sikkerheitstiltak at det går utover folks rettar og vårt samfunns funksjonsevne. Heldigvis er det også mange positive trekk i verda. Når sant skal seiast, har eg aldri følt meg utrygg nokon plass.

Nå står Lars Petter Forberg med beina godt og trygt planta på jorda på Tråstad. Men han står ikkje pal. Han må ha noko på blokka. Og han takka ja da han vart spurt om å bli styreleiar i det kommunale selskapet Skjåk Utvikling.

Kar med større nettverk kunne valkomiteen neppe funne.

– Eg trur eg har mykje erfaring. Norsk sentraladministrasjon kjenner eg godt, seier han forsiktig.

– Men, seier han, – det som er fordelen her, er at det finst så mykje god kompetanse. Det er mykje å byggje vidare på. Det handlar om utvikling og å sjå nye mulegheiter. Og ikkje minst korleis ein organiserer seg. Eit stort og godt nettverk er viktig. Derfor er eg glad for det nå er etablert eit næringsnettverk i Skjåk, seier Lars Petter Forberg, Skjåk-ambassadøren som har reist og opplevd så mykje at ein kan bli reint fortusta.

Artikkeltags