Mai Bakken er dagleg leiar for Norsk fjellmuseum og Klimapark 2469 som frå 3. juni blir lagt inn under fellesnemnaren Norsk fjellsenter. *** Local Caption *** Mai Bakken er dagleg leiar for Norsk fjellmuseum og Klimapark 2469 som frå 3. juni blir lagt inn under fellesnemnaren Norsk fjellsenter.

Møt kvinna bak satsinga på Norsk fjellsenter

Laurdag er det sesongopning for Norsk fjellmuseum, som 3. juni blir til Norsk fjellsenter. Det står ei blid og viljesterk kvinne bak den omfattande satsinga og utbygginga.
Publisert
DEL

- Den strofa passar nok ikkje på meg, ler Mai Bakken og stirer litt undrande på skrå, blug over å bli samanlikna med «Kom Mai, du skjønne milde…»

Om Bjørnson valde seg april, så vel vi oss mai. Det er da det skjer inst i dalom. Først da slepper vinteren taket, det blir fossebrus og lauvsprett og Norsk fjellmuseum opnar dørene etter ein hektisk vinter med stor byggeaktivitet.

Her har det verkeleg skjedd saker og ting dei siste åra, og Mai Bakken har vore midt oppe i det.

Måtte tidleg ta ansvar

Fødd og oppvaksen i Tana fekk ho tidleg kjennskap til friluftsliv og fysisk utfalding på Finnmarksvidda. Med mor frå Lom og far frå Skjåk, kom ho og to sysken flyttande attende til Skjåk da Mai var 11. Berre to år etter døydde faren. Mai var storesyster og måtte ta ansvar.

Det har sett sitt preg.

– Eg blir oppfatta som å ha sterke meiningar, og det har eg, men eg er klar over det og freistar å lytte til andre og ikkje vera for dominerande. Og eg skiftar meining rett som det er etter ein fruktbar diskusjon, som vi har mange av her på huset.

Ho fekk bryne seg gjennom 16 år i kommunestyret og åtte år i formannskapet.

Etter 18 år i banken og eitt år som lærarvikar, tok ho steget inn i berget det blå.

Norsk fjellmuseum vart stifta i 1991, oppstarta i 1994 og låg der mest for seg sjøl da Mai Bakken parkerte i den gamle bussgarasjen i Presthaugen innunder Lomseggen i 2005.

– Eg hadde tre fantastiske år, i ei kombinert stilling for fjellstyre og fjellmuseum, og lærte så mykje av Kjetil Aarstrand. Da han slutta, vart eg tilsett som dagleg leiar for eitt år. Nå har eg vore det i åtte år, herregud som tida flyg, uff eg blir 54 i løpet av året…

Men ho treivst og har fått det til å spire og gro og 3. juni blir det storstila offisiell opning av Norsk fjellsenter, paraply eller overbygning for verksemdene på huset.

25 millioner

22. april i fjor vart det lansert utbyggingsplaner til 24 millionar kroner for utvikling av Norsk fjellmuseum til Fjellsenteret i Lom. Det skulle skje i form av ei etappevis utbygging. Brun Bygg as i Vågå har vore hovud-entreprenør for første etappe, publikumsareal med ny fasade og inngangsparti, som står ferdig til sesongopninga for Norsk fjellmuseum.

Laurdag 3. juni blir det offisiell opning av Norsk fjellsenter.

– Absolutt alle er velkomne hit frå klokka 15.30 til 18 den dagen. Den positive velviljen frå Oppland fylkeskommune med bidrag på seks millionar kroner trur eg var avgjerande for å få realisert dette, og da er det naturleg at fylkesordførar Even Aleksander Hagen frå Otta skal stå for den offisiell opninga. Like-eins har fylkeskommnen skjønt verdien av satsinga på klimaparken.

Bakken fortel at det er brukt ni millionar kroner hittil, og 18 millionar kroner når ny utstilling står ferdig i 2018. Det meste er finansiert, men det manglar ein million kroner.

– Dersom vi får fullført prosjektet med eit magasinbygg i 2021, vil det truleg ha gått med 25 millionar kroner.

Det vart lansert som Fjellsenteret i Lom, og vi skjønte lite av at det nasjonale skulle nedgraderast til det lokale.

- Sett tæring etter næring

– Alt er prosess. Namnet Norsk fjellsenter er resultat av eit felles syn frå nesten alle på huset, som styra i Norsk fjellmuseum og Klimapark 2469 har fatta vedtak om, men dei to organa skal framleis vera fråskilde. Det blir spennande å sjå om folk forstår bodskapen om at vi er meir enn museum, besøkssenter og forvaltingsknutepunkt. Vi ønskjer å signalisere at dette skal vera eit samlingspunkt for fjellfolk av alle slag, ein basecamp for folk på tur i våre område, og ein møtestad for folk som vil ha tilgang på litteratur og informasjon om fjell og natur. Det blir ei stor samling av bøker i det nye, store og opne publikumslokalet med peisflamme i 360 grader som trekkplaster.

Æra for satsinga vil Mai Bakken på ingen måte ta sjølv.

– Ting må modnast og få gå seg til. Mykje av ting og tankegods frå dei første åra kjem meir til sin rett nå. For eksempel den store samlinga til initiativtakar Claus Helberg, som vi får nytte av i den nye utstillinga i 2018, i samarbeid med DNTs 150-årsjubileum. Men klimaparken og dei brearkelogiske funna har sjølvsagt hatt svært stor verdi for oss, seier Bakken, og legg vekt på fylkesarkeolog Espen Finstads innsats for klimapark og utstillingar. Han er faktisk knytt til fjellmuseet i ei 40 prosents stilling, men jobbar frå Lillehammer det meste av tida.

Det har vorte eit stort miljø med i alt 18 tilsette i den tidlegare OKB-garasjen: Lom fjellstyre, Statens naturoppsyn, Nasjonalparkforvalting for Jotunheimen og Reinheimen, Gudbrandsdalsmusea, Ernst & Young, Boost Global Innovation (Athene) og Norsk fjellmuseum, som har auka frå ein til seks tilsette og mange fleire sommarstid. Onsdag var dei første på plass for å gjera i stand butikken i det nye fjellsenteret.

– Eg trur at det vi har vore flinke på, er at vi har sett tæring etter næring og brukt tid på å finne ut korleis dette skal fungere. Dagen startar med ei samling rundt kaffekoppen, vi har ein flat struktur, og lunsjen er prega av friske diskusjonar frå alle på huset som er her der og da. Arbeidet gjer at ein del alltid er ute på oppdrag. Vi har fått til eit fantastisk miljø. Det som har skjedd er reine eventyret. Eg trivst så godt at eg har vanskar med å gå att om kvelden.

Det er årsaken til at Mai ein gong i blant må ut og lufte seg og reise langtvekkistan.

Opp på toppane

Det gjer godt å få rive av seg med ein kveldstur opp bratte Lomseggen, eller til ein eller annan topp i nærområdet, men da er ein fort attende i kvardagen. Det er berre to kilometer frå småbruket Jordet til fjellmuseet, og Mai har lett for å ta med seg jobben heimatt.

Sist haust var ho på nytt i Nepal. Borte ein heil månad og klatra til topps på det som blir påstått å vera verdas vakraste fjell, Ama Dablam (6.812 moh).

Vel attende i Lom sette ho og turkamerat Bjørg Lund i gang innsamlingsaksjon til ny skule i eitt av områda som vart hardast råka av jordskjelv. Det har vore god respons. 25.000 kroner er overført, nye bidrag på 7-8.000 kroner er kome inn, og aksjonen skal rulle og gå med Smithbufestivalen 10. juni som ny kjelde.

– Vi har fått bilder som viser at bygginga er i gang, fortel Mai.

– Eg har vore der ein gong før og forelska meg skikkeleg. I det vakre fjellet, det er så pent der, rett og slett vakkert. Men like mykje i folket, så hardt prøvd på alle vis, men likevel så vennleg og gjestmildt eit folkeslag.

– Ville du ha budd der?

– Nei, eg må vel vera så ærleg å vedgå at eg vil bu i Norge. Her vi har det så bra, bortskjemte som vi er.

– Men du trivst på toppane?

– Det høyrest så jålete ut. Eg likar å gå på ein topp, prøve meg, men mykje av årsaken bak ei reise er å kople av frå kvardagslivet. Eg er ikkje flink til det, må gjerne sjekke e-posten, sjølv om det er søndag og helg.

Var døden nær

Tur og trening har si forklaring.

Da Mai som 21-åring skulle ta til på lærarskulen, vart ho utsett for ei traktorulykke som nær kosta henne livet, men som ho hittil har vore lite villig til å prate om.

– Eg måtte gå og gå, for å trene meg opp att, og det må eg fortsatt. Det er terapi for meg å koma meg ut. Eg har to sysken som bur i Oslo og trivst kjempegodt, og mannen min flytte dit og budde der i 12 år på grunn av jobben, men eg flytte ikkje etter. Nei, by-livet er ikkje noko for meg. Det blir for innestengt, eg må ut og puste. Det treng ikkje nødvendigvis å vera så lang tur, men eg må bort frå asfalt og ut i skog og mark, helst over tregrensa. Eg likar å gå i motbakke, puste og pese gjer meg godt. Gjerne opp på eit fjell, for å få utsikt og føle at ein sit på toppen av verda.

– Når ein er så heldig å ha Jotunheimen rundt seg og kunne stå på ein topp og sjå ut over urøyvd landskap og mange andre tindar, da frydar eg meg. Eg har gått ein del i alpane, og der ser ein alltids skiheisar, kraftmaster og anna som bryt heilskapen. Her er det nok å gå opp på Geitupphøe, utan å måtte sjå menneska sin trong til å leggje alt under seg, styre og regjere over absolutt alt, medrekna meg sjølv. Det er dette vi er så heldige å ha så mykje av. Eg føler at folk i Gudbrandsdalen, og norddalen spesielt, har så stor respekt for naturen rundt seg at dei ikkje ønskjer å øydeleggje den, og det er difor eg trivst så godt her. Vi er stolte av det vi har. Om det så er mest berre fjell.

Artikkeltags