Spa? Nei. Kultursauna!

Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Ein turiststad med respekt for seg sjølv må sjølvsagt ha spa - velværeavdeling. Hindsæter fjellhotell i Sjodalen gjer det på eige vis og byr på originale løysingar med kulturell vri.

DEL

- Det er ikkje noko spa. Dette er vår måte å formidle kulturhistorie på, samstundes som vi sørgjer for at gjestane skal trivast, seier Karola Wenzel og Andre Sundero og opnar den eldgamle «Singerdøra» til Hindsæters nyvinning: Hindholet kultursauna.

Det vesle fjellhotellet med 50 senger har investert ein million kroner i velværeavdeling.

Bar og dansesal er erstatta med ei stor badstu for 15 personar utforma som ein gammal tømralåve, ei mindre infraraud badstu bygd som ei steinbu, massasjebad som er kledd med røyrgatematerial frå det gamle kraftverket, regndusj og andre dusjar og direkte utgang til snøbad i sjodalens barske natur.

Det er brukt tømmer av ei fleire hundre år gammal falleferdig lyu i Russlia, værsliti panel frå hytte i øvre Sjodalen, stein frå ein gammal fjellhage, eldre dører frå hytter på Hindsæter og treverk frå den gamle røyrgata frå det første kraftverket i Sjoa.

Prikken over i-en er eine veggen inntil steinbubadstua. Den ser ut som eit einaste stort bjørkelag; er det også, kubbane er limt til veggen for alltid. Verten har henta inspirasjon frå gamle dagar da det vart pynta opp rundt store peisar med den finaste veden.

Tømraveggane som kler den store badstua og eine langveggen er eit fargespel i seg sjølv.

- Vi trudde lyu var heilt gjennområte, men sjå her, veden er knuskturr. Det er heilt utruleg til motstandskraft i fjellfuru vår, kvalitetsvyrkje av beste rang, og det er det fint å fortelja om og vise fram. Klima og seintveksande fjellfuru fortel kvifor vi har av verdas eldste trehus, forklarar Sundero. Når han sjølv ikkje held foredrag for gjestane, kan dei lesa om det på veggane i Hindholet. Små informasjonsskilt i værsliti innramming formidlar kulturhistorie om Sjodalen.

Sundero dreiv frå før aktivitetsfirmaet Upptur med fosserenning, juving, turar med og utan ski og truger innover flyer og toppar.

I 2003 kjøpte han Hindsæter og har satsa mange millionar på utvida sesong og vinterturisme i ein kombinasjon av tur, mat, natur og kultur i vid forstand.

Romjuls- og nyttårshelga vart avslutta med nesten fullt hus.

Etter tre vekers opphald blir fjellhotellet gjenopna 29. januar. Frå 8. februar er det fullt til langt ut i mars.

LES OGSÅ: Disse tilbyr spa og velvære i fjellheimen

Artikkeltags