Gå til sidens hovedinnhold

Manglande dekking av kultur og lokalhistorie

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Anno 2021 er til ende. Etter ei fredeleg romjul med mykje god lesing, lange turar og god mat i triveleg samver med andre, eller i fred og ro i sofaen aleine, ser vi med nysgjerrig blikk inn i 2022. Vi veit alt ein del tema som vil fylgje oss alle saman, trafikkljos (ikkje dei i vegkryssa) og andre koronasaker, straumprisar, nyttårsforsett - og korleis få til ein god kvardag innanfor alle desse reguleringane vi har fått ekstra inn i kvardagen utan å bruke for mykje elektrisitet.

Men det er ikkje berre slike bekymringar vi har felles, interessa for lokalsamfunna våre, folkeavstemming om ny/gammal fylkeskommune er og noko vi kjem til å ha med oss ei tid nå på nyåret, saman med mykje anna som gjeld regional utvikling.

Redaktøren av GD har mange gonger i sin leiar og elles i avisa satt fokus på gode tiltak i bygdene våre, flinke folk som skapar noko, gjer ein innsats for andre, pensjonistar og andre. Godt (eller manglande) samarbeid mellom politikarar og næringsliv, dugnad i idrett og organisasjonsliv er sentrale ord i å få alt til å fungere godt. God dugnadsinnsats frå mange eller enkeltpersonar får gjerne god omtale i avisa. Det de skriv om i dag er lokalhistorie i morgon.

Oppi alt dette er det eitt tema som svært mange av lesarane (både digitale og/eller på papir) har felles; gleda over all den flotte lokale litteraturen som kjem kvart år. Det vera seg bøker om relevante tema, årbøker, bygdebøker eller anna. Vi veit at kvart år er desse bøkene med i øvre sjiktet i sal av antal bøker kring juletider. Dette er bøker som blir digitaliserte etter kvart i samarbeid med Nasjonalbiblioteket, slik at dei blir tilgjengeleg for alle også i framtida.

Dugnad er eit ord som er sentralt her, dugnad i å skrive, lage bøkene, spreie dei, og overskotet går til historielag mfl. til nye prosjekt i lokalsamfunna, eller nye bøker. I tillegg til gratis innsats er det også oppdrag som er med og sikrar arbeidsplassar i produksjon, og forteneste av sal til bokhandlarar og andre butikkar.

Dette gjeld alle bygdene i GD sitt nedslagsfelt. Bøkene blir også selde til dei mange fritidsbuarane våre kvart år, dei mange som abonnerer på dei i heile landet - og norske etterkomarar i USA. Eg har ikkje opplagstala for alle desse bøkene, men veit at det er eit stort antal pallar med bøker, kvart år.

Det pussige er at dette interesserer ikkje GD såpass at det går an å lage reportasje eller melde dei i avisa. Unnataket var i desember 2020 da avisa hadde fleire sider med omtale av alle årbøkene. Det var eit merkeår for oss som driv med dette. Mi von er at GD gjenoppdagar verdien av å skrive om denne store mengde bøker som angår så mange av lesarane dykkar.

Det same gjeld dekkinga av mykje av kulturlivet i Gudbrandsdalen. Kan hende de ville finne fleire abonnentar i desse målgruppene som kjøper alle desse bøkene, er aktive som kulturutøvarar eller som publikum. I staden får ein stadig høyre «GD, nei, dei dekker ikkje slikt» -og neste setning er ofte «eg trur eg får snart avslutte GD, det står så lite der om det som skjer».

Som direktør for 3 store kulturbedrifter gjennom 25 år i Oppland, som aktiv i reiselivsutvikling i Oppland i enda fleire år, har eg ofte arbeidd med målretta tiltak, identifikasjon av brukargrupper: Kven har ein, kven ynskjer ein å ha i tillegg, er det nokon som dett mellom alle stolane, er det nokon ein ikkje ynskjer? Dette er velkjende øvingar ein gjer med jamne mellomrom.

Med si manglande dekking av kulturverksemd og lokalhistorie fortel GD meg dagleg at dei ikkje ynskjer meg. Eg er ikkje aleine i desse målgruppene som blir nedprioriterte av avisa. Men eg er optimist og har trua på at ein kan endre prioriteringar, nå nye målgrupper - og få fleire fornøgde abonnentar til regionavisa vår, GD. Nytt år, nye muligheiter …

Torveig Dahl, Ringebu, styreleiar Gudbrandsdal historielag Dølaringen