Manglande respekt for lov og regler

Av
DEL

lesarinnlegg

I mitt siste kommunestyremøte og konstituering av nytt kommunestyre og val av formannskap sist måndag, opplevde eg noko som eg stiller meg undrande til og er skuffa over: Eit fleirtal i kommunestyret som stemmer for og bevisst ignorerer lover og reglar for å vise makt er noko som eg tek sterk avstand frå. Dette er ikkje bra for demokratiet vårt.

Dovrelista og Arbeidarpartiet i Dovre har inngått samarbeidsavtale. Sp og Høgre inngjekk valteknisk samarbeid. Ingen fremma ønske om forhaldstalsvalg i kommunestyret. I Kommunelova §7-7 andre ledd «Valget gjennomføres på grunnlag av en innstilling med forslag til medlemmer og varamedlemmer». I tredje ledd «hvis organet skal bestå av minst 4 medlemmer skal hvert kjønn være representert i organet med mist 40 %. Folkevalgte organ som etter lov skal bestå av medlemmer av kommunestyret, skal reglene om kjønnsbalanse følges så langt det er mulig.

I formannskapet i Dovre er det fem medlemar, og nå altså 4 kvinner og 1 mann stemt fram av fleirtalet. Ap/Dovrelista har 5 valbare menn i si gruppe som er valbare. Er ikkje nokon av dei gode nok?

Dette har ikkje noko med at kvinner ikkje er bra nok, men handla om å oppfylle lovkrav. Vi kan ikkje være så opptatt av kvinnedeltaking at vi ikkje evner å sjå den uretten vi da er med å gjere mot det andre kjønn. Likestilling er det vi kvinner har kjempa for i alle år; og ei kjønnsbalanse. Da må vi ikkje gløyme, ekskludere eller oppføre oss uetisk fordi vi har makt.

Eg har prøvd å få partia til møte i forkant av konstituering av kommunestyre. Dette for å få avklart representantar- og kjønnsbalanse og for å få samordna oss før konstituerande møte. Sist fredag ringer eg til leiar for Dovrelista Magne Botten, som fyrst seier han ynskjer eit møte. Etter nokre minutt sender Botten meg ein sms der han seier at Ap og Dovrelista skal ha «eit samordnande» møte og at eg skulle få deira kandidatar på kommunestyremøtet måndag.

Leiar for Ap, Jo Halgunset ringer ikkje attende etter oppmoding lagt på telefonsvarar frå meg. Sp og Høgre sine kandidatar var klare. Derfor var eg ikkje svært overraska over framlegg av kandidatane frå Dovrelista/Ap, men skuffa da dei ikkje etter oppmoding fleire gonger om å finne løysing og oppfylle lovkrav. Ser i Vigga av 28.okt at varaordførar Ruste seier at dette er "ein endeleg seier for Else Hole Ulekleiv sitt kvinneprosjekt"! Utruleg å få seg til å bruke Else Hole Ulekleiv til sitt namn og gode arbeid for å rettferdiggjere sitt vedtak. Ordførar og administrasjon si rettleiing vart ignorert av eit fleirtal i det nye kommunestyre. Men eg reknar med at Fylkesmannen vil ha eit ord med i laget.

Det var fleire sentrale i forhandlingane som hadde prioritert ferie/jakt og skuletur framfor å setje viktig politisk arbeid for bygda vår fyrst.

Det kan neppe seiast at vedtaket er noko å vera stolt over,- som folkevald i Dovre. Frå talarstol beklagar varaordførar Guri Ruste at råd og utval ikkje var klare til val denne kvelden. Varaordførar Guri Ruste veit vel grunnene. Dovrelista og Ap sin somling i forhandlingane om samarbeid var grunnen til dette. Det var fleire sentrale i forhandlingane som hadde prioritert ferie/jakt og skuletur framfor å setje viktig politisk arbeid for bygda vår fyrst. Dette har gjort at tida har gått frå Dovrelista/Ap,- ikkje frå nokon andre. Som ordførar vart eg derfor nøydd til å utsetje konstituerande møte med ei veke. Men sjølv da berre ein dag til å få på plass viktige utval, som er eit arbeid partia må ta ansvar for,- ikkje eg eller administrasjon. Dette er eit arbeid som tek tid. Det handlar trass alt om innbyggarane i bygda vår.

Frekkhetens nådegåve er visst utømmeleg. Dette rettar du ikkje varaordførar Guri Ruste opp med godord og blomster,,- det ho seier står da ikkje til truande! Tenk å starte ei ny kommunestyreperiode med ignorere og oversjå lovverket bevisst. Det var i hvertfall ikkje den starten eg ynskte for det nye kommunestyret, og det set og vår nye ordførar i ein vanskeleg posisjon.

Oddny Garmo, tidlegare ordførar i Dovre

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags