Det var onsdag ettermiddag det vart sett i gang ein større redningsaksjon etter at ein kajakk gjekk rundt i elva Smådøla i Lom.

Mannen som var i kajakken vart redda opp av luftambulansen og sendt til St. Olavs hospital i Trondheim. Både brannmannskap, redningshelikopter og alpin redningsgruppe deltok i redningsarbeidet.

Torsdag formiddag opplyser politiet at mannen mista livet i ulykka. Mannen var tidleg i 20-åra. Han var britisk statsborgar, men arbeidde i vårt område. Dei pårørande er varsla.

Det er svært bratt og vanskelege forhold i elva der ulykka skjedde.

– Det var to personar som padla i kvar sin kajakk. Den eine gjekk rundt. Denne vart halde inn til land av ein eller fleire personar cirka tre hundre meter nedanfor ei bru som går over elva. Det er eit juv og stri straum, sa politiets operasjonsleiar Sidsel Svarstad til GD onsdag kveld.

Kriseteam vart varsla for å ta hand om dei som var til stades under ulykka.

Tidlegare denne veka mista ein tsjekkisk mann livet etter ei ulykke i Sjoa.