Det var litt før klokka 15.30 naudetatane fekk melding om at ein mann i 60-åra hadde skada seg i ei paraglider-ulykke i Øyer.

– Ulykka skjedde i samband med landing. Han var bevisst, men skadane blir karakterisert som alvorlege, og han er teke hand om av helsevesenet, seier operasjonsleiar Øyvind Bakken ved Innlandet politidistrikt.

Mannen er køyrd til sjukehus med ambulanse.

– Politiet er på staden og gjer undersøkingar, og det blir oppretta sak, opplyser Bakken.

Mannen kjem frå Hamar, og avisa HA har snakka med kona laurdag kveld.

– Han har brot i høgre lårbein, og eit gammalt brot i venstre leggbein er slått opp att. Det er ingen skader på indre organ, og heller ikkje blodbaner og nervebaner, seier ho til avisa.

Ho fortel at han skal opererast på sjukehuset på Lillehammer i løpet av kvelden.

Ulykke skjedde like ved Vidarheim barnehage, nord i Øyer.