Marius (27) herja med sine eigne - nå lovar han (nesten) å kome heim att til LFH 09

Da LFH09 rykka opp til 1. divisjon prøvde dei å lure gausdølen Marius Kleiven attende til sine barndoms gamle dalar. Det lukkast ikkje, men etter at hans Lillestrøm vann på Jorekstad sundag kveld, legg han ikkje skjul på at han har tenkt seg heim att.