Matnasjonen Norge - tenk også på bonden

MATMAKT: Matkjedene har altfor stor makt i verdikjeda for mat frå jord til bord, skriv Aud Hove.

MATMAKT: Matkjedene har altfor stor makt i verdikjeda for mat frå jord til bord, skriv Aud Hove. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Matmerk og Landbruks- og matdepartementet arrangerte onsdag 13. november fagdag for norsk mat og drikke 2019. Ministeren, Ollaug Bollestad, hadde eit både inspirerande og engasjerande innlegg om visjon og ynskjer for Matnasjonen Norge. Ho la vekt på å bygge vidare på den gode kvaliteten norsk matproduksjon har i dag, produsere med lågt klimaavtrykk og at mattradisjonene våre må opp og fram. Vi har eit ansvar for å bruke dei ressursane vi har med pluss på botnlina og sikre rekruttering til næringa gjennom heile verdikjeda.

Men fyrst var det innlegg frå jord til bord av Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget, Tine og Nortura og sist, men ikkje minst, dei «tre» om kva deira bidrag til kva Matnasjonen Norge er og kan bli. Dei «tre» er Norgesgruppen, Coop Norge og Rema 1000. Det vart gjort eit lite nummer av at dette leddet i verdikjeda berre er tre aktørar, men alle tre var rørande einige om at alle måtte samarbeide og at dei var heilt avhengige av gode, både små og store samarbeidspartnarar for å møte det kundane ville ha.

Ingen snakka om elefanten i rommet, at desse «tre» har altfor stor makt i verdikjeda for mat frå jord til bord. Den største av desse er Norgesgruppen, og denne dagen fekk vi også nyheita om at dei har fått gjennomgåande betre betingelsar for innkjøp enn dei to andre. Med andre ord, dei pressar prisane til leverandørane ned. Det vi ikkje har heilt klart enda er om dette fører til lågare prisar for forbrukarane; dei som sit ved bordet.

Men kvar med dei som driv på jordet? Kva fører det til for dei at vi berre har desse «tre» og i tillegg den eine av dei tydelegvis har så stort makt at dei kan presse innkjøpsprisane hardt på denne måten. Når superlativene haglar for den norske matproduksjonen og flotte bilder og velregisserte filmer blir vist når det er snakk om norsk mat, er det ingen som snakkar høgt om prisen bonden får for produktet sitt. Dersom vi skal snu ei utvikling mot industrilandbruk over til meir bærekraftig produksjon, må lønnsomheita for bonden vere på eit nivå som gjer dette mogleg.

Det er med jubel vi ser at salet av lokalmat og drikke nå er på 11,5 milliardar i Norge. Målet var 10 milliardar innan 2025. Dette viser at det betyr noko for folk kven som har laga maten, kvar den kjem frå og at dei er villige til å betale meir for dette.

Om matvarekjedene verkeleg meiner noko med at alle må samarbeide for å bygge Matnasjonen Norge, må det visast i praksis. Da kan det ikkje kun vere pris som styrer, men vi må i ein mykje større grad styrke heile verdikjeda og finne ein balanse mellom kvalitet, pris og produksjon som gavnar både klima, miljø og helse.

Det trengs det både politisk vilje og styrke for å få til og rettferdige spelereglar som blir respektert.

Aud Hove, (Sp) fylkesvaraordførar Innlandet

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags